Kort om arbeidsgiver
Om stillinga 
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hos Statsforvaltaren har oppgåver frå fleire departement og direktorat. Avdelingsleiinga består av fylkeslege/avdelingsdirektør og to assisterande direktørar. Avdelinga har om lag 50 tilsette og er organisert i 5 team som er tverrfagleg samansett.

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for gjennomføring av statleg helse- og omsorgspolitikk, mellom anna folkehelsearbeid, førebyggjande helsetenester og oppfølging av statlege handlingsplanar på avdelinga sine områder. Avdelinga har eit omfattande ansvar for tildeling av tilskot til kommunar, samtidig som utviklingsarbeidet og inneber informasjons- og rettleiingsverksemd.

Avdelinga fører tilsyn med helse- og omsorgstenestene og alt helsepersonell, barnevernstenestene og dei sosiale tenestene i fylket.

Statsforvaltaren i Rogaland har og ei landsdekkjande rolle i saker som gjeld helse, hygiene, næringsmidlar og drikkevann i petroleumsverksemda til havs på den norske kontinentalsokkelen.

Tilsynet skjer ved planlagde og hendelsesbaserte tilsyn mot kommunar,  spesialisthelsetenesta og verksemder.

Vidare skal avdelinga ivareta rettstryggleiken for den einskilde gjennom handsaming av rettigheitssaker og andre forvaltningssaker etter helse-, omsorgs-, sosial- og barnevernslovgjevinga.
 
Statsforvaltaren i Rogaland har ledig ei fast stilling som avdelingsdirektør/fylkeslege.

Arbeidsoppgåver
Avdelingsdirektøren/fylkeslegen
  • har det overordna faglege og administrative ansvaret for avdelinga
  • har ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
  • har økonomi- og resultatansvar for avdelinga
  • ansvar for verksemdplanlegging og risikostyring
  • skal saman med embetsleiinga og dei andre avdelingsdirektørane delta i planlegging og gjennomføring av Statsforvaltaren sine samla oppgåver
  • skal ta initiativ til samarbeid og samordning, både internt og med kommunar, fylkeskommune og andre offentlege og private verksemder
  • skal ha kontakt mot media og skal vektleggje informasjon internt og eksternt
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer ein dyktig leiar som
  • har medisinsk embetseksamen og har autorisasjon som lege
  • har klinisk erfaring og god fagleg innsikt i viktige deler av avdelinga sine arbeidsoppgåver og blikk for samspelet mellom desse og samfunnet.
  • har gode leiareigenskapar og Ieiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd. Det er ønskjeleg med utdanning i leiarrelaterte fag 
  • har gode analytiske og strategiske evner 
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
  • er god på formidling og samarbeid
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg
Du må kunne sikkerheitsklarerast.

Som leiar av helse-, sosial- og barnevernsavdelinga må du ha evne til å inspirere, motivere og vidareutvikle medarbeidarane dine. Du må prioritere, delegere, ta avgjerder og skape resultat. Du må legge vekt på samarbeid og samordning. 

Vi tilbyr
  • lønn etter avtale i stilling som fylkeslege
  • dyktige kollegaer
  • høve til å påverke samfunnsutviklinga i ein spennande og krevjande region
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • hjem - jobb - hjem ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil då bli informert om dette i forkant, jf. offentleglova § 25.
 
Spørsmål om stillinga 
Du får nærare opplysningar om stillinga av statsforvaltar Bent Høie, tlf. 51 56 87 32, behoi@statsforvalteren.no eller assisterande statsforvaltar Lone Merethe Solheim, tlf. 51 56 87 68, fmrolms@statsforvalteren.no
Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
Kontaktpersoner
Navn: Bent Høie
Tittel: Statsforvaltar
Telefon: 51 56 87 32
E-post: behoi@statsforvalteren.no
Navn: Lone Merethe Solheim
Tittel: Assisterande statsforvaltar
Telefon: 51 56 87 68
E-post: fmrolms@statsforvalteren.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Lagårdsveien 44
4010 STAVANGER