Kort om arbeidsgiver
Fjaler kommune har ledig ei fastløna 100 % stilling som kommuneoverlege. Legen vil ha ansvar for å ivareta kommunale legeoppgåver som smittevern, samfunnsmedisinsk rådgjeving og miljøretta helsevern. Som kommuneoverlege vil du vere ein pådrivar for utviklingsarbeid i helsetenestene. I stillinga ligg og funksjon som helsestasjonslege og ein har ei fastlegeliste. 

Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar og offentleg helsemyndighet etter helselovgjevinga. Kommuneoverlegen koordinerar og leiar det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunen, deltar i planarbeid og har ansvaret for det smittevernfaglege arbeidet. Kommuneoverlegen vil bli nytta av kommunen si kriseleiing ved behov og er ein del av det psykososiale kriseteamet. Det er viktig med god kommunikasjon og godt samarbeid både med leiinga og einingar internt i kommunen, og med publikum og andre eksterne instansar.

Fjaler legekontor har til saman tre fastlegar og ein LIS1 lege. Kontoret er kommunalt drevet med tilsett hjelpepersonell. Tilplikta deltaking i SYSIKL interkommunal legevaktordning med låg vaktbelastning, men med mulighet for å få fleire vakter dersom ein ønskjer det. Stillinga kan bli tilplikta andre kommunale oppgåver. Arbeidsgjevar har ansvar for IKT, utstyr og lokaler.

Som eit alternativ kan legen få tilbod om driftstilskot istadenfor kommunal tilsetting.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
  • Spesialist i allmennmedisin eller samfunnsmedisin
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg. 
  • Ein vil legge vekt på at ein er personleg egna til stillinga
  • Førarkort kl. B
Søkjarar som ikkje er spesialist i allmennmedisin eller samfunnsmedisin, må plikte seg til å fullføre spesialisering etter tilsetting. Arbeidsgjevar stiller med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering .

Arbeidsoppgåver
Kommuneoverlegen sitt ansvar og mynde er heimla i Helse og omsorgstenestelova § 5.5, Psykisk helsevernlova § 1 og Folkehelselova § 27. Arbeidet er svært variert og skal ivareta samfunnsmedisinske oppgåver ut frå overorda lovverk, kommunen sin delegasjon og strategiske mål.
  • Medisinsk fagleg rådgjevar for heile kommunen 
  • Folkehelsearbeid, miljøretta helsevern og smittevern
  • Delta i kommunen sin helsemessige beredskap
  • Oppfølging av fastlegar iht. sentralt avtaleverk
  • Planlegging, utvikling og driftsoppgåver knytta til til ansvars- og arbeidsområdet
  • Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
  • Kvalitetssikring og tilsyn, rådgjeving i forbindelse med klagehandtering
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • God på kommunikasjon og rettleiing
  • Fleksibel
  • Vilje til å drive det samfunnsmedisinske arbeidet
  • Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
Vi tilbyr
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
     
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke sin søknad før søkjarliste vert gjort offentleg. Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før ein startar i stillinga.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil ha meir informasjon om kva vi jobbar med.  Vi ser fram til å høyre frå deg. 
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Fjaler kommune
Fjaler legekontor
Kontaktperson
Navn: Heidi Roos
Tittel: Leiar
Telefon: +47 97710862
E-post: Heidi.Roos@fjaler.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Kommuneoverlege
Arbeidssted
Helsetenestene
Dalsvegen 81
6963 DALE I SUNNFJORD