Kort om arbeidsgiver
Arbeidsstad
I hovudsak pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet, eventuelt ved Fusa bu -og behandlingssenter i Eikelandsosen, etter behov.
Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, dagsenter og base for serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her foregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Kortidsavdelingane er for pasientar som er i behov for vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar også imot heimebuande med behov for avlastning eller medisinsk utgreiing. Vi har og 2 kommunale ØH-senger innan Somatikk, rus og psykiatri. Det er 175 sengeplassar på Luranetunet, og vi har ca. 4,5 legeårsverk tilknytt sjukeheimen, fire i 100% og ein i 50%. Det er dermed gode moglegheiter for både «ad hoc» - og meir strukturert veileiing av erfarne leger, derav to er spesialistar i allmennmedisin.

Arbeidet som sjukeheimslege innfattar utredning, behandling og oppfølging av bebuarar ved bu-avdeling og demensavdeling. Legevisitt på kortidsavdelingane og ØH-sengene med oppfølging av medisinske problemstillingar. Vi har på alle avdelingar fokus på brukarmedverknad, tverrfagleg samarbeid, og samarbeid med pårørande og fastlegane i kommunen.Sjukeheimen er en viktig arena for spesialisering i allmennmedisin. Vi tilbyr allmennmedisinsk teneste på sjukeheim. For dei som spesialiserer seg etter ny ordning, er det også mogelegheit for å få institusjonsteneste i kommunal helseinstitusjon. Vi tilbyr utdanningsplan, veileiing supervisjon i tråd med den nye spesialistforskrifta.

Arbeidsoppgåver
- Utredning, behandling og oppfølging av bebuarar inkludert legevisitt, årskontroller og legemiddelgjennomgang
- Tverrfagleg samarbeid
- Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell, eventuelt bidra i internundervisning
- Bidra til kvalitetssikring og utvikling av tenesta
- Samarbeid med pårørande og fastlegen i kommunen
- Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga

Kvalifikasjonar
- Autorisasjon til å arbeida som lege ved sjukeheim- og legevakttenesta
- Gode faglege kvalifikasjonar, gjerne relevant spesialutdanning, eller under relevant spesialistutdanning
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode kommunikasjonsevner, samt god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevner, norskkunnskapar minimum tilsvarande Bergenstesten
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
- Gyldig politiattest må leggjast fram. 

Personlege eigenskapar
-Interesse for feltet sjukeheimsmedisin
-Ansvarsbevisst, med fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
-Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Vi har bl.a. faste møtepunkt for interundervisning samen med øvrige kommunalt tilsett leger i kommunen.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Allmennmedisinsk teneste på sjukeheim for spesialisering i allmennmedisin
- Moglegheit for institusjonsteneste i kommunal helseinstitusjon for ALIS i ny ordning
- Utdanningsplan, veileiing og supervisjon for ALIS etter ny spesialistforskrift
- Moglegheit for å delta på kurs og fagutvikling. Vi legger bl.a. til rette for utdanning i kompetanseområdet alders- og sjukeheimsmedisin
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Maren Nygard
Tittel: Lege
Telefon: 977 17 172
E-post: many@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
Solstrandsvegen 39
5200 OS