Kort om arbeidsgiver

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.

Vi har ledig fast overlegestilling for spesialist i barne- og ungdomspsykiatri i ved døgneininga i Ålesund med oppstart 30.06.2022

Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Sengeposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi har ei familieleiligheit som kan nyttast når foreldre/pårørande bør vere med.
Vi tar imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Avdelinga vår behandlar pasientar med ulike diagnoser, og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten.
I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Legen vil i hovudsakleg ha arbeidsstad ved akutt- og utgreiingseininga, men vi arbeider for eit felles fagmiljø i avdelinga slik at ein også kan få arbeidsoppgåver knytt til poliklinikk.

 

Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå  https://www.visitalesund.com/

Arbeidsoppgåver

  • utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering
  • fagleg utviklingsarbeid
  • delta i opplæring og vegleiing til anna helsepersonell (f.eks vegleiing/supervisjon av LIS, opplæring av miljøpersonell)
  • tverrfagleg samarbeid
  • delta i vaktordning

 

Kvalifikasjonar

  • vi ønskjer ein lege med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom.
  • søkjar som ikkje har fullført spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga
  • må mestre norsk språk,  både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

Søkjar bør ha:

  • evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
  • stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • eit sterkt tverrfagleg samarbeid
  • ein inkluderande arbeidsplass
  • løn etter gjeldande overeinskomstar
  • medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Manuela Strauss
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70167204
Navn: Beate Olsbø Nilsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70106700
Hjemmeside
Arbeidssted
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund