Kort om arbeidsgiver

Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig stilling som overlege i generell- og gastroenterologisk kirurgi. 

Kirurgisk avdeling har akuttfunksjon og ansvar for kirurgisk tilbod til omlag 108.000. Kirurgisk avdeling har stor aktivitet og tilbod på dei fleste fagområder i gastroenterologisk  kirurgi, men ikkje for malignitet i øsofagus, ventrikkel, lever el. pancreas. Andre kirurgiske fagområde på avdelingen er urologi, karkirurgi,  plastikkirurgi, thyreoidea- og mammakirurgi og generell kirurgi. 

Det er LIS1 i primærvakt med LIS2/3 i tilstadesvakt og overlege i tertiærvakt med passiv vakt på kveld/natt. Det er p.t 6-delt overlegevakt, men mål er å ha minst 7-delt vakt for overlege, og kirurgisk avdeling og Helse Førde tar sikte på å få det på plass snarleg.

Avdelinga har ansvar for desentralisert studentundervisning, og frå 2024 er det plan å utvide medisinerutdanning i Helse Førde i samband med etablering av "Vestlandslegen". I samarbeid med Høgskulen er det mogeleg å få til gode forskingsløp.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utgreiing, operativ behandling og oppfølging med gastroent. kir. som hovedoppgåve
  • Det er ønskjeleg at søkjar har endoskopisk røynsle. Spesielt vil ERCP-kompetanse vera ønskjeleg
  • Undervisning av medisinske studentar og underordna legar er viktig del av tenesta. I framtid vil medisinarutdanning få stor plass i sjukehuset.Forskningsmulighet i samarbeid med Universitetet/Høgskulen.
  • Samarbeid med kolleger inkl. på andre avdelingar. Tett samarbeid med medisinske gastroenterologar
  • I stillingen inngår gen. kir. vaktfunksjon som overlege i tertiærvakt, det blir lagt opp til at det på sikt skal bli 7-delt overlegevakt.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i generell- og gastroenterologisk  kirurgi
  • Breid røynsle i laparoskopisk kirurgi er ønskjeleg.
  • Det er også ønskjeleg med endoskopisk røynsle
  • Søkjar må ha tilfredstillande kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Evne til godt samarbeid og teamkjensle blir vurdert som svært viktig.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og personlege kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Avdelingen har godt arbeidsmiljø
  • HF hjelper til for å skaffa bustad

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Nils Sletteskog
Tittel: Avdelingssjef/overlege
Telefon: (+47) 992 42 497
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde