Kort om arbeidsgiver
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (cand.med. grad) ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen

Ved Det medisinske fakultet er det minst en, og potensielt to, faste stillingar (100 %) som førsteamanuensis ved Institutt for biomedisin.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå  forsking og undervisning. Institutt for biomedisin står for utdanning og forsking på biologiske mekanismar innan menneskets helse og sjukdom. Vi undersøker molekylære sjukdomsmekanismar og bruker kunnskapen vår til utvikling av nye diagnoseverktøy og ny terapi. Vi har et stort interessespektrum som omfattar kreft, nevrovitskap, nevropsykiatriske lidingar, proteinbiologi, celle- og molekylærbiologi, fysiologi og nanoteknologi.

Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, har publikasjonar i internasjonalt framifrå tidsskrift og har ein uavhengig forskingsprofil som fyller ut den pågåande forskinga ved Institutt for biomedisin.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Den tilsette skal arbeide ved instituttet og må kunne drive forsking innanfor biomedisin / medisinske basalfag. Det er ein fordel å kunne delta i eller etablere samarbeid med ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og har fullført candidate of medicine grad som korresponderer til den Norske candidate of medicine (cand.med.) graden man får tildelt etter 6-årig medisin utdanning på universitetsnivå. Dersom utdanninga er frå utanfor den Europeiske Unionen så må søkjaren gi dokumentasjon på at utdanninga er tilsvarande den Norske cand.med. graden. Kandidaten må fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. Klinisk erfaring vert vektlagt. Det er venta at kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale eller internasjonale finansieringskjelder for forsking og eventuelt også for utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon.

Kandidaten må ha interesse for undervisning i basalfag i medisinstudiet, og det er ønskeleg at kandidaten har erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Vi søkjer ein medarbeidar med interesse for studentaktive undervisningsformer og undervisning med klinisk relevans. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode. Søkjarar må ha utmerkande engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr:
  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • instituttet har utstyr i verdsklasse for compound screening, strukturbiologi, molecular imaging og proteomics som er organisert i kjernefasilitetane BiSSMIC og PROBE
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 626 100 – 702 100 eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 650 300 – 702 100. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • moglegheit for klinisk bistilling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge. Søknader sendt til e-post vil ikkje bli vurdert.

Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar professor Frode S. Berven, e-post: frode.berven@uib.no, telefon: 99163866.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvoterin.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Stillingskategori
Universitetsstillinger
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Det medisinske fakultet
Kontaktperson
Navn: Frode S. Berven
Tittel: instituttleiar og professor
Telefon: 99 16 38 66
E-post: frode.berven@uib.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61 og Lars Hillesgate 3
5009 BERGEN