Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli med på laget vårt?

Medisinsk avdeling ved Kristiansund sjukehus styrkjer legestaben, og har ledig stilling for overlegar/ spesialist innan indremedisin og endokrinologi. 

Avdelinga er eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legane har ansvar for pasientar innan alle dei medisinske fagområda på vakt, og har poliklinisk verksemd innan i hjarte, lunge, fordøyelse, medisinsk kreftbehandling og hematologi, geriatri/ hjerneslag, nyresjukdomar og diabetes. Avdelinga har òg ansvar for overvakingsenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. Vi planlegger oppstart av observasjonspost og akutt- og
mottaksmedisin i 2022. Det er 13 overlegar knytta til avdelinga og ei robust 11-delt bakvakt. Nytilsette vil kome i tillegg til dette. Avdelinga har i dag  9 LIS 2/3 og 9 LIS1.

Vi opplever aukande poliklinisk aktivitet, aukande antall innleggingar og stadig fleire multisjuke pasientar som trenger omfattande utgreiing og behandling. Derfor ønskjer vi å styrkje spesialistbemanninga. Vi har no spesielt behov for lege som kan ha endokrinologisk poliklinikk/ diabetespoliklinikk. Både heiltids- og deltidsengasjement er av interesse. Vi tek gjerne imot søknadar frå legar på slutten av spesialistutdanninga. Legar med spesialitet i generell indremedisin er òg velkomen til å søkje.

I Kristiansund får du:

  • Arbeide i byen som er sjølve perla på Nordmøre med naturskjønn beliggenhet ut mot havet. Den hyggjelege småbyen har eit intimt bysentrum, og byr på eit variert utvalg av kaféar og spisestader
  • Byen si plassering byr på eit unikt friluftsliv. Havet tilbyr båtliv, seilsport og fiske, mens dei næraste fjella gjev flotte mogelegheiter for fotturer, klatring og skikøyring 
  • Kristiansund har eit rikt kulturtilbod, inklusive Noreg sin største distriktsopera, fleire musikkfestivalar, fotofestival og eit nytt kulturbygg kor det jamleg vert arrangert konsertar og andre kulturarrangement
  • Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen med mogelegheit for vidare flybytte
  • Eit godt sosialt miljø på sjukehuset med sosiale arrangement, felles treningar og årleg sjukehusrevy 

 Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Utredning, behandling og oppfølging av pasientar med endokrinologisk sjukdom  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk spesialistgodkjenning som endokrinolog eller indremedisinar
  • Kandidatar som kun mangler kortare tid med generell indremedisinsk teneste for å ferdigstille spesialiseringa vil òg verte vurdert
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar 
  • Relevant klinisk arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner 
  • Du har ei positiv og omsorgsfull haldning
  • Du har interesse for pasientar med samansette lidingar
  • Du er opptatt av ein heilskapleg tilnærming til samansette og diffuse plager
  • Du har interesse for funksjonell medisinsk vinkling på helseproblemer

Personlig egnethet vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Et godt kollegialt miljø
  • Mogelegheiter for forskning
  • Ein god stad for læring og utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Åge Austheim
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Age.Austheim@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund
Søk på stillingen