Kort om arbeidsgiver
Beskrivelse
Ved Sundheim Bo- og Treningssenter har vi behov for å tilsette institusjonslege.

Stillinga kan evt. delast mellom to leger dersom det er ønskeleg å kombinere arbeidet med andre legeoppgåver.
Viss ønskeleg kan stillinga som institusjonslege kombinerast med ei mindre liste som fastlege.
Stillinga kan og besettast av leger som venter på LIS1 teneste.

Sundheim Bo- og Treningssenter er base for pleie og omsorgstenestane i kommunen med 72 institusjonsplassar fordelt på 3 avdelingar: korttid/rehabilitering, langtid somatikk og skjerma avdeling.
I tillegg har heimesjukepleia og heimehjelpstenesta sine baser på Sundheim.

Kommunen er godt i gang med planlegging av framtidas omsorgsutfordringar fram mot 2025 og det har vore omfattande bygningsmessige arbeider så det meste av lokala framstår som nye.

Vi har ledig følgjande stilling som institusjonslege:
80 - 100 % vikariat i tida fom. 1.1.2022 tom. 28.2.2024 med moglegheit for fast tilsetting.

Stillinga er organisert under Vinstra legekontor for å sikre tilhørighet og samarbeid med øvrige leger i Nord-Fron kommune.

Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege, evt. lege som venter på LIS1 teneste.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.
- Du er lærevillig og har stort pågangsmot.

Vi kan tilby
- Vikariat med moglegheit for fast tilsetting i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit
godt arbeidsmiljø.
- Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad, eventuelt moglegheit for å leie ny lelighet sentralt på gode vilkår.
- Barnehageplassgaranti.

Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.

Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.

Søknaden sendes
Gå inn på www.nord-fron.kommune.no for fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema. Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.

Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Kontaktpersoner
Navn: Per Ove Hagestuen
Tittel: vikarierende kommuneoverlege
Telefon: 966 25 778
E-post: Per.Ove.Hagestuen@ringebu.kommune.no
Navn: Bente Merete Joten Skog
Tittel: Sektorsjef
Telefon: 477 51 541
E-post: Bente.Joten.Skog@nord-fron.kommune.no
Arbeidssted
Kyrkjevegen 30
2640 VINSTRA