Kort om arbeidsgiver

Er du lege med interesse for sjøfart og har du lyst til å lære meir om helsetilbodet til sjøs? Det er ledig 100 % stilling som lege/overlege ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin.

Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen med formål om å fremme helsa til sjøfolk, fiskarar, dykkarar, offshorearbeidarar m.v. Senteret har 16 tilsette og driv m.a. undervising, rådgiving, regelverksarbeid, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, seleksjonsmedisinske utgreiingar (dykkarar og sjøfolk) og driftar den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Senteret jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og har prosjektsamarbeid med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet. 

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk telemedisinsk vaktarbeid i Radio Medico, den telemedisinske legevakta til sjøs (nødvendig opplæring vil bli gitt)
  • Prosjektarbeid, diverse utviklingsprosjekt innan maritim medisin, inkludert ei ny elektronisk lærebok for sjøfolk
  • Undervising, kurs i seleksjonsmedisin for sjømannslegar og petroleumslegar
  • Saksbehandling, fagnemnd for helsesaker for sjøfolk
  • Anna aktivitet, aktivt bidra med eigne erfaringar og kompetanse til å løyse senteret sine oppdrag i inn- og utland
  • Det er store moglegheiter for personleg utvikling i stillinga og det vil bli lagt til rette for forsking
  • Arbeidsoppgåver vil kunne bli endra over tid, tilpassa senteret si utvikling/behov og kompetansesamansetninga i personellgruppa

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk erfaring, gjerne variert (det er ikkje krav om særskild spesialitet - erfaring frå allmennmedisin, prehospital medisin, akuttmedisin, indremedisin og kirurgi vil vere relevant)
  • Interesse for maritim sektor (sjøfart, fiskeri, oppdrett mv.) eller erfaring frå helsetenester i eit kyst-/fiskerisamfunn
  • Evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk

Det vil telje positivt med

  • Formidlingserfaring
  • Prosjekterfaring

Personlege eigenskapar

  • Nysgjerrig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring

Vi tilbyr

  • Eit spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Dersom søkjaren ønskjer å kombinere ei stilling hos oss med anna klinisk stilling for å vedlikehalde kompetanse eller fullføre spesialisering, vil vi kunne leggje til rette for dette
  • Løn etter avtale 

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Seksjonsleiar lege
E-post: jon.magnus.haga@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen