Kort om arbeidsgiver

Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?

Seksjon for Auge er ein av sju seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag fem overlegar, tre LIS og ein ortoptist. Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 128 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.

For å sikre eit robust og godt fagmiljø ønsker vi å styrke teamet vårt med fleire overlegar.

Er dette noko for deg, send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • 6-delt vaktordning
  • Ta del i poliklinikk og operasjonsstove
  • Halde undervisning for kollegaer og sjukepleiegruppa
  • Supervisjon av LIS

Kvalifikasjonar

  • Spesialistgodkjenning innen oftalmologi/augesjukdommar
  • Mestre skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg
  • Ved mangel på kvalifiserte kandidatar, kan stillinga, midlertidig, bli omgjort til LIS-stilling, men søkar må inneha minst 1 år erfaring innan oftalmologi

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid
  • Positiv innstilling
  • Stort engasjement for pasient og oftalmologi
  • Fleksibel
  • Like å undervise
  • Kirurgisk kompetanse
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Veldig godt arbeidsmiljø, med svært engasjerte og positive kollegaer
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.   

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Silje Johanne Farstad
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 97 74 51 50
E-post: Silje.Johanne.Farstad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
AUGE ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund
Søk på stillingen