Kort om arbeidsgiver

Vil du vere med å utvikle eit nytt og spennande behandlingstilbod til pasientar med heroinavhengigheit? Avdeling for rusmedisin, LAR, skal etablere eit femårig prøveprosjekt med Heroinassistert behandling (HAB) som ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Avdeling for rusmedisin, LAR, søkjer legar med erfaring frå arbeid i LAR. Vi har ledig ein 100 % overlegestilling eller to 50 % overlegestillingar, i Heroinassistert behandling (HAB). Om det blir ein 100 % stilling eller to 50 % stillingar avheng av søkjaranes ønskjer opp mot einingas behov, og vil bli avgjort som del av tilsetjingsprosessen. Vi ber  difor om at søkjarane i kva stillingsprosent ein ønskjer. Erfaring frå arbeid i LAR kan vere som overlege, som konstituert overlege eller som lege i spesialisering.
HAB vil halde til i nye og rehabiliterte lokale i Bergen Sentrum. Tilbodet er planlagd å starte opp i løpet av februar 2022.

Heroinassistert behandling skal etablerast som eit tilbod for ei utvald målgruppe av personar med avhengigheit til heroin, personar som ikkje har hatt tilstrekkeleg behandlingseffekt av ordinær LAR. Det som skil HAB frå vanleg LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan bli inntatt ved intravenøs injeksjon eller som tablettar og må bli inntatt fleire gongar i døgeret. Dette til forskjell frå LAR-legemiddel (metadon, buprenorfin) som blir inntatt éin gong i døgeret. HAB-teamet vil vere tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og merkantil. Teamet vil og ha erfaringskonsulent knytt til seg. Teamet har ansvar for både substitusjons-behandlinga og den tverrfaglege spesialiserte behandlinga og rehabiliteringa av pasientane. Samarbeid med Bergen Addiction Research group (BAR) om forskingsprosjekt er ein integrert del av den daglege drifta. Sjukepleiarar og vernepleiarar tilsett i HAB vil regelmessig gjennomføre innsamling av informasjon frå pasientane til bruk i forsking.

Sentrale oppgåver for overlege i HAB vil vere å bidra i vurderingar av tilvisingar til HAB og sikre pasientane ein dagleg, forsvarleg behandling med diacetylmorfin (heroin). Dette inkluderer m.a. opptrapping, fastsetting av vedlikehaldsdose og skifte til og frå andre substitusjonslegemiddel i LAR. Overlegen er og ansvarleg for at pasienten får oppfølging og behandling annan rus- og avhengigheitsproblematikk og for oppfølging av somatiske helseplagar som blir avdekka hos pasienten m.a. ved den årlege helseundersøkinga. Denne tener og som innsamling av data til forsking. Det er eit særleg fokus på diagnostisering og behandling av hepatitt C.

Ei sentral oppgåve for det tverrfaglege teamet er utforming og oppfølging av pasientane sine behandlingsplanar, slik at den einskilde pasient blir gitt eit individuelt tilpassa og heilskapleg behandlings- og rehabiliteringsforløp. Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta, kommunen og andre relevante tenesteytarar er nødvendig og viktig. Overlege i HAB vil samarbeide tett med pasientane sine behandlarar (sjukepleiar, vernepleiar) i den daglege oppfølginga av pasientane, og vil samarbeide med psykolog og sosionom om behandling av pasientane sine psykiske lidingar og  andre behov knytt til rehabilitering. 

Heroinassistert behandling blir etablert som eit eige team i seksjon LAR, og vil bli fagleg og organisatorisk integrert saman med dei øvrige seks LAR-teama. Overlegen vil vere del av eit etablert og godt legefellesskap med faste vekentlege legemøte der tilvisingar til inntak i LAR og HAB blir vurdert, og der faglege problemstillingar blir drøfta og koordinert på tvers av teama. Tidspunkt for tilsetting etter avtale. Det vil vere moglegheit til å delta i vaktordningen i Avdeling for rusmedisin.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i vurderingar av tilvisingar til heroinassistert behandling (HAB)
  • Ansvar for pasientanes behandling med diacetylmorfin (heroin), herunder opptrapping, vedlikehaldsdose, skifter til andre substitusjonslegemiddel m.m.
  • Ansvar for vurdering, oppfølging og behandling av pasientanes øvrige rus- og avhengigheitslidingar, i samarbeid med det øvrige tverrfaglege teamet, fastlege og kommunale tenester
  • I samarbeid med fastlege og somatiske sjukehusavdelingar ansvar for vurdering og oppfølging av pasientanes somatiske helseplagar, inkludert den årlege helseundersøkinga
  • I samarbeid med psykolog i teamet, DPS og psykiatriske sjukehusavdelingar vurdere og følgje opp pasientanes psykiske helseplagar
  • Saman med pasient, behandlar, psykolog og teamleiar utarbeide, følgje opp og evaluere behandlingsplanar
  • Delta i ansvarsgruppemøte ved behov
  • Samarbeid med og supervisjon av lege i spesialisering (LIS)
  • Overlegar som er spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin er rettleiar for LIS
  • Bidra i arbeid med undervisingsplanar og fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Rekvireringsrett til A- og B-preparat
  • Kompetanse og erfaring med tverrfagleg spesialisert behandling av pasientar i LAR

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for pasientgruppa
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne og vilje til å inngå i langvarige og krevjande behandlingsrelasjonar til pasientar
  • Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og kan prioritere ved samtidighetskonfliktar
  • Kan arbeide sjølvstendig og har evne til å jobbe strukturert og planmessig
  • Evne og vilje til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Ønskje om å delta i teamrettleiing
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Arbeid med ein pasientgruppe der det blir stilt krav til kompetanse til samtidig behandling av sjukdommar innan både rus- og avhengigheit, psykiatri og somatikk, og til god samhandling både internt i teamet/seksjonen og eksternt
  • Moglegheit til å bidra til vidare utvikling av eit framleis ungt fagfelt og ein seksjon i framleis stor utvikling (satsing på kompetanse i traumestabiliserande behandling, heroinassistert behandling, utgreiing og behandling av somatiske sjukdommar som hepatitt C og lungesjukdom, forsking etc)
  • Tverrfagleg kollegafellesskap i teamet, samt vekentlege fagmøte/undervisingar med øvrige legar i Avdeling for rusmedisin, LAR
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Christian Ohldieck
Tittel: Overlege, assisterande seksjonsleiar
Telefon: 47318419
E-post: christian.ohldieck@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin/ AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Helse Bergen
Østre Mutallmenning 7
5012 Bergen
Søk på stillingen