Kort om arbeidsgiver

Avdeling for rusmedisin, LAR, søkjer spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin til fire 100% overlegestillingar. Legar som er tilsett i LIS-stilling og har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten eller er tilsett som konstituerte overlege, kan også søkje.

Avdeling for rusmedisin (AFR) består av fleire seksjonar, herunder ein eigen seksjon for LAR, to ruspoliklinikkar, ein forskingsseksjon, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna med aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med divisjon psykisk helsevern.

Seksjon LAR er inndelt i sju team. Fem av dei følgjer opp LAR-pasientar i Bergen kommune og er organiserte i eigne poliklinikkar i bydelane. Eit team har ansvar for oppfølging av pasientane i omegnskommunane, medan det sjuande teamet – Heroinassistert behandling – er under etablering. Kvart team består av teamleiar, psykolog, sosionomar, vernepleiarar, sjukepleiarar, merkantil, forskingssjukepleiar, lege i spesialisering og overlege. Teama har også tilknytta erfaringskonsulent.

Arbeidsformen er teambasert og tverrfagleg. Samarbeid med Bergen Addiction Research group (BAR) om forskingsprosjekt er ein integrert del av den daglege drifta. Godt samarbeid med andre seksjonar i AFR, DPS, somatiske sjukehuseinigar, fastlegar, sosialtenester og øvrige kommunale tenestetilbod er av stor betyding for den enkelte pasients heilskaplege behandling og rehabilitering.

Kvart team følgjer opp mellom 150 og 200 pasientar. Som overlege i LAR har man ansvar for den rusmedisinske behandlinga av pasientane, både substitusjons-behandlinga og behandling av pasientanes øvrige rus- og avhengigheitsproblematikk, inkludert nedtrapping av benzodiazepiner og tilvising til avrusing og stabilisering. Ein deltar også i vurderings- og inntakseinogas arbeid med å vurdere tilvisingar til LAR, og det er moglegheit til å delta i avdelingas vaktordning.

Ein har òg ansvar for oppfølging av somatiske helseplagar som blir avdekka hos pasienten ved den årlege helseundersøkinga, som også tener som innsamling av data til forsking. Det er eit særleg fokus på diagnostisering og behandling av hepatitt C og kronisk lungesjukdom, gjennom forskingsprosjekt (randomiserte kliniske studiar).

Overlegane samarbeider tett med pasientenes behandlar i LAR (sjukepleiar, vernepleiar, sosionom) i den daglege oppfølginga av pasientane og ein samarbeider med psykolog om behandling av pasientanes psykiske lidingar.

Kva team og kva arbeidsstad dei utlyste stillingane vil tilhøyre er ikkje avgjort. Ønskjer hos søkjarane vil bli tatt hensyn til i vurderinga. Dei aktuelle teama/arbeidsstadane er Arna/Åsane, Nesttun, Laksevåg og Omegn/Bergenhus.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for pasientanes substitusjonsbehandling (valg av substitusjonslegemiddel, oppstart, vedlikehaldsdose, skifte mellom substitusjonslegemiddel, nedtrapping, utleveringsordning m.m.)
  • Ansvar for vurdering, oppfølging og behandling av pasientanes øvrige rus- og avhengigheitslidingar, i samarbeid med det øvrige tverrfaglege teamet, fastlege og kommunale tenester
  • I samarbeid med fastlege og somatiske sjukehusavdelingar ansvar for vurdering og oppfølging av pasientanes somatiske helseplagar, inkludert den årlege helseundersøkinga
  • I samarbeid med psykolog i teamet, DPS og psykiatriske sjukehusavdelingar vurdere og følgje opp pasientanes psykiske helseplagar
  • Saman med pasient, behandlar i LAR, psykolog og teamleiar utarbeide, følgje opp og evaluere behandlingsplanar
  • Delta i ansvarsgruppemøte ved behov
  • Samarbeid med og supervisjon av lege i spesialisering (LIS)
  • Overlegar som er spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin er rettleiar for LIS
  • Bidra i arbeid med undervisingsplanar og fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Rekvireringsrett til A- og B-preparat
  • Spesialitet i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Kompetanse og erfaring med tverrfagleg spesialisert behandling av pasientar i LAR

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for pasientgruppa
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne og vilje til å inngå i langvarige og krevjande behandlingsrelasjonar til pasientar
  • Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og kan prioritere ved samtidighetskonfliktar
  • Kan arbeide sjølvstendig og har evne til å jobbe strukturert og planmessig
  • Evne og vilje til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Ønskje om å delta i teamrettleiing
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Arbeid med ein pasientgruppe der det blir stilt krav til kompetanse til samtidig behandling av sjukdommar innan både rus- og avhengigheit, psykiatri og somatikk, og til god samhandling både internt i teamet/seksjonen og eksternt
  • Moglegheit til å bidra til vidare utvikling av eit framleis ungt fagfelt og ein seksjon i framleis stor utvikling (satsing på kompetanse i traumestabiliserande behandling, heroinassistert behandling, utgreiing og behandling av somatiske sjukdommar som hepatitt C og lungesjukdom, forsking etc)
  • Tverrfagleg kollegafellesskap i teamet, samt vekentlege fagmøte/undervisingar med øvrige legar i Avdeling for rusmedisin, LAR
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Christian Ohldieck
Tittel: Overlege, assisterande seksjonsleiar
Telefon: 47318419
E-post: christian.ohldieck@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin/ AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Helse Bergen
Østre Mutallmenning 7
5012 Bergen
Søk på stillingen