Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 100 % mellombels stilling for lege i spesialisering (LIS) i eitt år ved Poliklinikk psykisk helse DPS Volda. Oppstart 01.01.2022 eller etter nærmare avtale.

Stillinga kan telje som del av spesialist utdanninga. Kandidatar som har behov for sideutdanning, er også velkomne til å søkje.  Vi i kan tilby variert og innhaldrik teneste for engasjerte og interessert lege. 

Poliklinikk psykisk helse DPS Volda er ein av tre seksjonar ved DPS Volda og har Søre Sunnmøre som
opptaksområde.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane
som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske
toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det
er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast
ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling
  • Arbeid i team, men mykje sjølvstendig arbeid

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Erfaring frå psykisk helsevern er ein fordel
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • God arbeidskapasitet
  • Evne til samarbeid og bidra i team

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hallgrim Myklebust
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70 05 85 60
E-post: Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Søk på stillingen