Kort om arbeidsgiver
Om stillinga

Hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er det ledig 100% fast stilling som assisterande fylkeslege i Helse- og omsorgsavdelinga.
Avdelinga har om lag 40 ansatte med breitt samansett kompetanse, herunder helsefagleg, sosialfagleg og juridisk kompetanse. Avdelinga leias av avdelingsdirektør/fylkeslege.
 
Helse- og omsorgsavdelinga har ansvar for rådgjeving og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med helse-, omsorgs- og sosialtenestene i fylket. Avdelinga har brei kontakt med kommunane, spesialisthelsetenesten og sentrale statlege helsemyndigheter.
 
Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming av klage- og tilsynssaker.
  • Planlagte tilsyn (systemrevisjonar).
  • Oppgåver knytta til kontroll med bruk av tvang.
  • Rådgjeving og rettleiing ut mot kommunar og helseforetak.
     
Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som lege
  • Erfaring fra relevant klinisk og administrativt arbeid.
  • Erfaring fra offentleg sakshandsaming og relevant juridisk kompetanse blir vektlagt.
Relevant klinisk spesialitet er en fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar som vi vil sjå etter 
Søkjar må ha oversikt over helse- og omsorgstenestene, og interesse for forvaltning, tilsyn og helserett. Det vil også være ein fordel med erfaring frå utviklingsarbeid, gjerne innan bruk av dataverktøy og offentleg verksemd.
 
Vi søkjer ein person med gode samarbeidseigenskapar og kommunikasjonsevner. God munnleg og skriftleg fremstillingsevne er nødvendig. Bør meistre begge målformer. Søkjar må kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte. Søkjar må kunne arbeide sjølstendig og målretta innafor gitte tidsfrister.
Erfaring med å arbeide i tverrfaglege grupper og personleg egnethet tillegges vekt.
Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tilrettelegging for spesialistutdanning i samfunnsmedisin der dette er aktuelt.
  • Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode sosiale vilkår med fleksibel arbeidstid og pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinskot frå lønna).
  • Lønn som ass. fylkeslege, stillingskode 0774, normalt kr. 800 000 – 1 000 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Det er 6 månader prøvetid i stillinga.

Spørsmål om stillinga

Kontorstad for stillinga er i Tønsberg sentrum i nær tilknytting til jernbanestasjonen.
Vi tek atterhald om endring av oppgåvene til stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort jf. offl. § 25, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste.
Er det kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, avbrot i yrkeskarrieren eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi oppfordrer søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, avbrot i yrkeskarrieren eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkerportalen legg grunnlag for anonymisera statistikk som alle statlege verksemder rapporterar i sine årsrapportar.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Ønsket oppstart snarast, med mulighet for tilpassingar.
Vi ber om at søknad, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sende elektronisk via jobbnorge.no. Gje òg opp referansar.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Helse- og omsorgsavdelinga
Kontaktperson
Navn: Sigmund Skei
Tittel: Fylkeslege
Telefon: 409 14 312
Arbeidssted
Tønsberg
Grev Wedels gate 1
3103 TØNSBERG