Kort om arbeidsgiver

Me søkjer etter engasjerte og interesserte legar og fastlegar som vil lære meir om psykiske lidingar. Me søkjer deg som treng kortare eller lengre
sjukehuspraksis (3-12 måneder) i samband med spesialisering i
allmennmedisin. Andre søkjarar er også aktuelle. Me kan tilby ei variert og innhaldsrik teneste. Nokre av
pasientgruppene som behandlas innanfor psykisk helsevern har samensatte
helseutfordringar og er i behov av helsehjelp frå legar med brei somatisk
erfaring.
 
Tenesta foregår på DPS (Karmøy eller Haugaland) eller på sjukehusseksjonen vår i Haugesund. Den nye sjukehusfløyen er nett opna
og psykiatrisk avdeling har flytta inn i flotte lokaler. I den nye
sjukehusstrukturen er det felles akuttmottak for psykiatri og somatikk kor det
er et tettare samarbeid mellom dei ulike sjukehusavdelingane om felles
pasientforløp.

Fagmiljøet vårt er robust og innovativt. Fleire av våre kollegaer har formell forskerkompetanse, og bidreg i utvikling av nye behandlingstilbod.

Intervju og ansettelse kan verte gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver omfattar post og poliklinisk arbeid samt deltaking i vaktordning.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg på høgt nivå.

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Ingrid Camilla Aasbøe Heggland
Tittel: Avdelingsleiar, DPS
Telefon: (+47) 957 67 168
Navn: Heine Hagenberg
Tittel: Avdelingsleiar, spesialisert behandling
Telefon: (+47) 942 46 548
Navn: Marit Myklebust
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 93276761
Navn: Endre Bø Blindheim
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 95244057
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Fonna
Postboks 2170
5504 HAUGESUND
Søk på stillingen