Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig tre stillingar for lege i spesialisering i psykiatri.
Det er ledig to faste og eit vikariat på 6 månader. Tiltredelse så snart som mogleg eller frå 01.mars 2022. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Kandidatar som har behov for sideutdanning, er også velkommen til å søkje.

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er eit av fem lokale helseføretak som er eigd av det regionale føretaket Helse Vest RHF. Det er over 13000 tilsette fordelt på 9600 årsverk. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, forsking, undervising og pasientopplæring. Vi har pasienttilbod innan somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.

Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både born og vaksne er ein del av vår målgruppe. Verksemda er lokalisert ein rekkje stader i Bergensområdet og inneheld akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar. 

Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Spesialistkandidatar kan få heile den tenesta dei treng gjennom eit felles rotasjonssystem i divisjonen. Det er til saman 27 utdanningsstillingar. Divisjonen har ein stor forskingsavdeling, og det er mogleg å velje forsking som del av utdanninga.

Læringsarenaene for spesialiteten er ved desse avdelingane:
Sjukehusavdelingar: Psykiatrisk akuttmottak (PAM), stemningslidingar, spesialisert psykosebehandling, spiseforstyrringar, alderspsykiatri, ECT, psykosomatisk medisin, klinikk for sikkerheitspsykiatri.

DPS: Bjørgvin DPS, Kronstad DPS og Øyane DPS. DPSane har både døgn- og dagavdelingar, samt ein rekkje polikliniske behandlingstilbod.

Dei som blir tilsett får sitt tilsetjingsforhold på divisjonsnivå, og vil rotere mellom ulike avdelingar. Vaksenpsykiatri har ei rotasjonsordning, der ein 2 gonger kvart år legg til rette for flytting mellom læringsarenaer, slik at kandidaten kan få oppfylt sine læringsmål etter ønskje og så raskt som mogleg. Det vises for øvrig til utdanningsplan.

For dei faste stillingane gjeld følgjande:
Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som
legespesialist.


Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggjast ved søknaden. Det er vidare krav om politiattest ved tilsetjing, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7.
Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar på spesialistnivå - sjukehus/DPS
  • 24 av 27 LIS stillingar er for tida ein del av forvaktsordninga knytt til Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Vaktfri stilling kan tilbys for ein periode
  • Vi legg til rette for at LIS legane får ta del i undervisning, kurs og rettleiing slik spesialiseringsreglane i psykiatri krev
  • Kandidatar i sideutdanning vil få moglegheit til å følgje kurs som er nødvendige for eigen spesialitet

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-3 stilling i psykiatri
  • Vi ønskjer oss legar med særleg interesse for psykiatri
  • Du har god fagleg vurderingsevne
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan psykiatri og/eller forsking
  • Den som søkjer må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vi vil leggje vekt på kandidaten sin motivasjon og at vedkommande er personleg eigna til å arbeide innanfor psykisk helsevern
  • Du har evne til å møte menneske i krise profesjonelt og empatisk, også dei med utfordrande åtferd
  • Dei som blir tilsette har eit tydeleg engasjement for fagfeltet og evner å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
  • Som person tåler du å stå i krevjande situasjonar over tid
  • Du er god på å jobbe i tverrfaglege team og har vist vilje og evne til samarbeid i tidlegare arbeidsforhold
  • Du har evne til å arbeide strukturert og målretta og har høg arbeidskapasitet
  • Du har oversikt, og evner å prioritere riktig når det er travelt og mange oppgåver samtidig

Vi tilbyr

  • Ei tilrettelagt spesialistutdanning, der utdanning blir prioritert
  • Rotasjonsordning som sikrar at den einskilde kandidat får allsidig erfaring frå alle relevante tenesteområde innan spesialiteten psykiatri
  • Moglegheit for å forske som ein del av spesialistutdanninga
  • Lønn iht til gjeldande overeinskomst 
  • Vaktfri stilling kan tilbys for en periode

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ole Kristian Sindland
Tittel: YLF representant LIS-3
Telefon: 90773359
E-post: Ole.kristian.sindland@helse-bergen.no
Navn: Ingrid Andersen Moe
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 92610704
E-post: ingrid.andersen.moe@helse-bergen.no
Navn: Kristin Bovim
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 98262955
E-post: kristin.jordheim.bovim@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen