Kort om arbeidsgiver
Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll kommune er ein øykommune på Vestlandet med 5200 innbyggjarar. Med sine 667 øyer, holmer og skjær kan Austevoll  by på vakker natur og gode moglegheiter for friluftsliv på land og sjø. Det er eit rikt idretts- og kulturliv med moderne nybygg, full barnehagedekning og  ein trygg og god plass for barn å vekse opp.  Austevoll er ein vekstkommune med ein ung befolkning. Kommunen har eit godt og innovativt næringsliv, med heile verda som arbeidsplass. Kommunen er ein del av bo- og arbeidsregionen til Bergen og det er godt tilrettelagt for pendling. Med ferje er det 35 minutt frå Bergen og 25 minutter frå Stord. Ferjeprisene går ned og det er signaliseret at ferjene vil bli gratis.

Brenn du for allmennmedisinfaget og ser på fastlegetenesta som bærebjelken i helsevesenet? Ønskjer du ein kvardag som fastlege som er bra for både pasientane dine og deg sjølv?

Gjennom teamorganisering, tverrfagleg tilnærming, god leiing og strukturert pasientoppfølging vil Austevoll Legeteneste skapa ei bærekraftig fastlegeordning for våre innbyggjarar og tilsette.

Enten du velger å bu i vår vakre kommune eller ønskjer å pendle, gir vi deg moglegheit for ein balansert arbeidsbelastning, eit svært godt arbeidsmiljø og tilrettelegging for fagleg utvikling. I Austevoll har vi naturen tett innpå fra arbeidsdagen startar til den sluttar, mange fine naturopplevelingar, fine lysforhold og vakre holmer og skjær. 

Vi tilbyr fastlønnsstilling i heiltid, eventuelt deltid om du har behov for å kombinere med andre oppgåver. Om du ønskjer ein større stilling innanfor samfunnsmedisin eller sykehjem/rehabilitering kan det også være aktuelt.

Stillingane er ledig for spesialist i allmennmedisin eller vi kan tilby ALIS stillingar.

Austevoll Legesteneste har p.t 6 fastleger og LIS-1 lege. Vi er ein del av Primærhelseteam-prosjektet, og har tilsette sjukepleiarar og helsesekretær som tar ansvar for pasientoppfølging saman med fastlegane. Legetenesta held til i moderne lokaler ved Austevoll Helsehus, samlokalisert med jordmor, helsetsasjon, fysioterapeut/ergoterapeut, psykisk helse, psykolog, barnevern og NAV. Sykehjem, heimetenesta og andre kommunale etater er vegg i vegg. Vi har svært godt samarbeid med ambulanse, brann og politi. Legevaktsentralen vår er interkommunal men med legevaktbase i kommunen, p.t 8 delt vakt. I legetenesta har vi fokus på fagutvikling og innovasjon. Vi har eit svært godt kollegialt samarbeid. Tid avsatt til smågruppevirksomhet og veiledning i arbeidstida.
Hos oss er du aldri aleine!

Ansvars- og arbeidsoppgåver
  • Listeansvar for 1000 pasienter (850 for ALIS)
  • Inntil 20% andre allmennmedisinske oppgaver
  • Deltakelse i legevakt, p.t. 8-delt
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege, gjennomført LIS1
  • Spesialist i allmennmedisin. (dersom du ikkje er spesialist har vi  ALIS stilling for deg)
  • Førerkort klasse B
  • Gode kommunikasjonsferdigheter muntleg og skriftleg
Personlige eigenskaper blir vektlagt og vi søkjer deg som er engasjert, har gode evner til samarbeid, og god fagleg standard
Gode ferdigheter innen akuttmedisin og legevakt, deltaking i legevakt p.t. 7-8 delt

Vi tilbyr:
Som fast tilsett lege i Austevoll får du moglegheit til å konsentrere deg om faget og pasientane. Kommunen tar hand om det administrative. Vi legg vekt på at du skal ha ein god arbeidskvardag, der du skal oppleve spanande utfordringar i eit godt kollegialt miljø med overkommeleg arbeidstid og fagleg tryggheit.
  • Konkurransedyktig lønn og gode pensjonsvilkår
  • Overlegepermisjon og etterutdanning i samsvar med SF 2305
  • Tilrettelagt ALIS stilling med redusert listelengde, stedlig veileder, fri med lønn til kurs og dekning av utgifter for de som ikke er spesialist
  • På legevakt er vi p.t næringsdrivende med hjemmevakt, vaktklasse 1
  • Tilrettelegging for pendling, ferjeutgifter kan kompenserast
  • Mogleigheit for deltidsstilling eller større stilling i samfunnsmedisin eller sjukeheim ved ønskje 
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV her: Austevoll kommune - Du søkjer på stillinga "Ledige legestillingar" (easycruit.com)

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
 
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Kontaktperson
Navn: Inger Uglenes
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 55 08 10 50 / 979 87 500
Arbeidssted
Birkelandsvegen 6
5392 STOREBØ
Søk på stillingen