Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår nye kollega?

Vi har ledig fast stilling for overlege/psykiater ved Rehabilitering psykisk
helse (Molde).

Seksjon for rehabilitering skal drifte med 8 døgnplassar og tilbyr spesialisert utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar. Seksjonen er ein sengepost som i hovudsak skal
drive med rehabilitering av pasientar som er overført til psykisk helsevern på dom § 5,3 og § 10,2. Vi har
eit tverrfagleg fokus i møte med pasientane sine hjelpebehov. Ivaretakelse av samfunnsvern blir vesentleg av omsyn til rehabiliteringsprosessen. Behandling og rehabilitering skjer i nært samarbeid med
kommune, ambulante tenester og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Seksjonen har ei overlegestilling,
LIS 3, ein psykologspesialist og sosionom i 50% stilling, tverrfagleg miljøpersonale, helsesekretærar,
teamkoordinator, fagkoordinator og seksjonsleiar.

Seksjonens profil er i endring mot eit sikkerheitspsykiatrisk tilbod og du vil få delta i å etablere eit betre
tilpassa tilbod til denne pasientgruppa. Erfaring frå sikkerheitspsykiatri og langtidsrehabilitering er ein
fordel, men ikkje eit krav.

Arbeidsstad vil vere på Hjelset der det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast. Som tilsett
hos oss vil du delta i vidareutviklinga av seksjonen og planlegging på innhald i psykiatritilbodet i det nye
sjukehuset. Målet vårt er å gi pasientane ei god og framtidsretta behandling og helseteneste.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf,
segling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire
daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire
spennande kaféar og spisestadar.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/ rettleiing
  • Pårørandesamtalar
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar

Kvalifikasjonar

  • Overlege innan psykiatri 
  • Inneha norsk autorisasjon som psykiater
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innen rettleiing
  • God fysisk og psykisk helse
  • Må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Eit godt, triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
  • Varierte og utfordande arbeidsoppgåver innan eit fagfelt som er i utvikling
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
  • Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Bente Midtbø Ødegård
Tittel: Seksjonsleder
Telefon: 95 55 44 54
E-post: Bente.Midtbo.Odegard@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Rehabilitering psykisk helse Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølveien
6450 Hjelset
Søk på stillingen