Kort om arbeidsgiver

Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus, klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, har ledig stilling for lege i spesialisering
innan revmatologi. Det kan bli høve til forlenging og intern omrokkering kan gi
andre ledige stillingar.

Revmatologisk avdeling har fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke. Vi tek oss av
pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga
har sengepost og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar,
fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. Revmatologisk avdeling Ålesund
har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, og har slik gitt pasientar
moglegheita til å ta i bruk nye behandlingsmetodar. 

Ålesund er kåra til ein av dei vakraste byane i Norge og er kjent for sin Jugendstilarkitektur. Byen og omlandet har eit rikt kulturliv.
Omlandet har også eit mangfold av fjorder, øyer og fjell som gir gode tur- og
rekreasjonsmoglegheiter. Du kan sjå meir om regionen vår her: Visit Ålesund

Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Der er ønskeleg at søkar har erfaring innan revmatologi
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Legar som har erfaring frå almennpraksis, og som er i behov for 1 års praksis frå spesialisthelsetjenesta vert oppmoda til å søke

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagle utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hallvard Fremstad
Tittel: Overlege revmatologi
Telefon: 90697067
E-post: Hallvard.Fremstad@helse-mr.no
Navn: Ida Grøtta Barstad
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90621279
E-post: Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Revmatologi og hud, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND