Kort om arbeidsgiver
Vil du komme til Måløy?

i Kinn er det to legekontor, eit i Måløy og eit i Florø.

Ved Måløy Legekontor er det ledig 1 fastlegeheimel frå 1 mars 2022. Vi har også ledig vikariat for 1 fastlegeheimel frå 1 februar og ut året 2022, då ein av fastlegane skal ut i permisjon.

Vi ynskjer også å komme i kontakt med kandidatar som kan jobbe som legevikar i minimum 3 månadar. Til dette er det ikkje krav om fullført LIS-1 teneste, sjølv om det er ynskjeleg. Denne stillinga vil passe godt for deg som ventar på LIs 1-teneste og som ynskjer å få erfaring frå allmennpraksis.

Legekontoret i Måløy er godt etablert, sentralt i rådhuset i Måløy.

Tal innbyggjarar i Kinn kommune er ca. 17 200. Av desse er det omlag 5 500 frå Måløy og omegn som soknar til dette legekontoret. 

Kontoret har gode og moderne lokale som blei teke i bruk i 2008. I rådhuset finn du og: Helsestasjon, barnevern, NAV, sentraladministrasjon og servicekontor.

Legekontoret har 9 fastlegeheimlar og for tida 2 LIS 1 plassar. Samansetting av alder blant legane ved kontoret er frå 30- 55 år. Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsperiode, kan det for legar i spesialisering avtalast redusert listelengde.

Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og brei fagleg kompetanse. Arbeidsmiljøet ved kontoret er godt.

Senteret nyttar Infodoc elektronisk journalsystem og Melin betalingssentral.
 
Anna:
Legekontoret er godt utstyrt med mellom anna spirometri, EKG, 24-t BT, akuttrom, eige sårskifterom og legevaktbil. Det er 5,6 årsverk hjelpepersonell på legesenteret. Fastlegane har gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle legane har 8.2- avtale, dvs. kommunen held lokale, hjelpepersonell i byte mot basistilskottet. Legane betalar i tillegg ein månadleg sum for utstyr. Det er ikkje kostnadar knytt til oppstart i heimelen (goodwill).

Kommunal daglegevakt kl 08.00-16.00 måndag – fredag. Legevakt på kveld, natt og helg på Nordfjord legevakt (interkommunal legevakt) lokalisert på Nordfjord sjukehus, om lag 45 min køyring frå Måløy. Der er det 4 interkommunale ØHD-sengar/obs. seng som er samlokalisert og knytt til legevakta. Vaktbelastninga er omlag 3 vakter pr månad.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Kontaktpersoner
Navn: Rune Nordpoll
Tittel: Fastlege/ medisinskfagleg ansvarleg
Telefon: 977 46 483
E-post: r-nordpo@online.no
Navn: Anita Norstrand
Tittel: Tenesteleiar Helse
Telefon: 415 36 130
E-post: anita.norstrand@kinn.kommune.no
Arbeidssted
Gate 1 120
6700 MÅLØY
Søk på stillingen