Kort om arbeidsgiver
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar. Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen. 

Kommuneoverlegen er organisatorisk plassert i helsetenesta, med tenesteleiar helse som næraste overordna.


Arbeidsoppgåver
  • Ta vare på samfunnsmedisinske oppgåver: miljøretta helsevern, smittevern, psykisk helsevern, helsemessig og sosial beredskap, medisinskfagleg rådgiving jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-5, helsestatistikk og epidemiologi, kommunal planlegging og beredskap jf. folkehelselova §§ 4, 5 og 6
  • Ivaretakelse av andre oppgåver som i lovgivning er særskilt tillagt kommuneoverlegen
  • Utarbeide folkehelseoversyn og delta i kommunen sitt folkehelsearbeid
  • Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
  • Bidra i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
  • Fagansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen
  • Arbeide tett saman med tenesteleiar helse og vera støttespelar
  • Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
  • Sakshandsaming av politiske saker innan fagfeltet
  • Delta i kommunen sin kriseberedskap
  • I stillinga inngår det opptil 40 % kommunalt legearbeid
  • Det vert teke atterhald om endringar i arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fortrinnsvis spesialist i samfunnsmedisin eller har byrja på spesialisering i samfunnsmedisin
  • Me ynskjer at søkjare utan spesialisering i samfunnsmedisin gjennomfører utdanninga
  • Me ynskjer røynsle frå fastlegearbeid, kommunal legeteneste og/eller samarbeid med spesialisthelsetjenesten
  • Har fullført norsk turnus (LIS1)
  • God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskapar
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Stor interesse og engasjement for samfunnsmedisin
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Analytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskapleg
  • Handlekraftig og lojal
  • Oppteke av endrings- og forbetringsarbeid
  • Personlege eigenskaper vil verte lagt stor vekt på
Vi tilbyr
  • Spanande utviklingsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse
  • Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter kvalifikasjonar/avtale
  • Tilrettelegging for spesialisering i samfunnsmedisin
  • Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Bykle kommune
Kontaktperson
Navn: Heinz Diehl
Tittel: Tenesteleiar Helse
Telefon: 41449988
E-post: Heinz.Thomas.Diehl@bykle.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 BYKLE