Kort om arbeidsgiver
Bedriftslege
Vi har ledige 100% fast stilling som bedriftslege ved vårt kontor i Årdal.
Har du lyst på ein spennande og engasjerande jobb som bedriftslege hjå oss?

Vi har fleire bedriftslegar og har eit godt fagleg og utviklande miljø. Legane jobbar tett opp mot dei andre faggruppene i verksemda, og samarbeid på tvers av fag er noko som gjer jobben hjå oss spennande. Størstedelen av stillinga blir nytta opp mot Hydro Aluminium sitt anlegg i Årdal og deira underleverandørar.  Å jobba med industribedrifter er noko av det som gjer denne jobben ekstra utfordrande og spennande. Vi har ein hektisk, men kjekk kvardag og samarbeider svært godt med våre kundar.

Saman med Hydro Aluminium legg vi til rette for at unge tilflytta arbeidstakarar skal trivast godt og komme godt inn i det aktive miljøet i Årdal.

Stillingane krev at du har:
Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert.

Arbeidsoppgåver:
Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver
  • Arbeide med eit bredt spekter av arbeidsmedisinske faktorar, i nær samhandling med kundar, arbeidsgjevar og tilsette.
  • Bevisstgjering og tilrettelegging for å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø, både på organisatorisk, gruppe- og individnivå
  • Målretta helseundersøkingar ut frå eksponering i arbeidsmiljøet
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege, gjerne med erfaring frå bedriftshelseteneste/HMS-arbeid
  • Kan vere spesialist i arbeidsmedisin/allmennmedisin
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeid– og kommunikasjonsevne
  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik
  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø
Må ha førarkort og bil til disposisjon, da noko reiseaktivitet må påreknast. Bedriftshelse1 har og firmabilar som blir nytta i teneste.

Vi tilbyr:                                                                                                                                                                
  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus
  • Tverrfagleg, spennande og godt arbeidsmiljø med fleire andre bedriftslegar
  • Fagleg oppdatering/vidare- og etterutdanning
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen. Opplæring blir gitt
  • Svært gode pensjonsordningar og personalforsikringar
  • Lønn og andre vilkår etter avtale, fri laurdag og søndag
 
Søknad med CV, vitnemål og attestar Bedriftshelse1, Fossetunet1, 6856 Sogndal eller til post@bedriftshelse1.no.

Spørsmål om stillingane kan rettast til regionleiar Annbjørg Lereng  tlf: 99 38 49 45 eller adm.direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 95 23 58 74.

Søknadsfrist: 05.12.2021
Stillingskategori
Bedriftslege
Arbeidsgiver
Bedriftshelse1
Øvre Årdal
Kontaktpersoner
Navn: Randi Marie Sjøholt
Tittel: Administrerende direktør
Telefon: +4795235874
E-post: randi.marie.sjoholt@bedriftshelse1.no
Navn: Annbjørg Lereng
Tittel: Områdeleiar
Telefon: +4799384945
E-post: annbjorg.lereng@bedriftshelse1.no
Søknad
Søknad merkes: Bedriftslege Årdal
Søknad sendes: Bedriftshelse1
Fossetunet 1
6856 SOGNDAL

Send søknad på mail
Arbeidssted
Øvre Årdal og Indre Sogn
Verksvegen 1
6884 ØVRE ÅRDAL
Søk på stillingen