Kort om arbeidsgiver

Vil du jobbe saman med oss?

Vi har ledige vikariat for lege i spesialisering (LIS) innan hjarte- og lungesjukdomar samt geriatri. Oppstart etter avtale. Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både innanfor lungemedisin og andre indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet òg innanfor generell indremedisin. LIS 2/3-legar deler sekundærvakta.

Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.  

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

I Kristiansund får du:

  • Arbeide i byen som er sjølve perla på Nordmøre med naturskjønn
    beliggenhet ut mot havet. Den hyggjelege småbyen har eit intimt bysentrum, og byr
    på eit variert utvalg av kaféar og spisestader
  • Byen si plassering byr på eit unikt friluftsliv. Havet tilbyr båtliv,
    seilsport og fiske, mens dei næraste fjella gjev flotte mogelegheiter for
    fotturer, klatring og skikøyring 
  • Kristiansund har eit rikt kulturtilbod, inklusive Noreg sin største distriktsopera, fleire musikkfestivalar, fotofestival og eit nytt kulturbygg kor det jamleg vert arrangert konsertar og andre kulturarrangement
  • Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen med
    mogelegheit for vidare flybytte
  • Eit godt sosialt miljø på sjukehuset med sosiale arrangement, felles
    treningar og årleg sjukehusrevy 

 Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Visittgang sengepost 
  • Polikliniske konsultasjonar
  • Akuttmedisin/ mottaksarbeid 
  • Mogelegheit for deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS1 teneste
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og lærevillig  
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg 

Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit breitt indremedisinsk fagmiljø 
  • Opplæring i eit stort utvalg av indremedisinske prosedyrar og læringsmål 
  • Eit hyggeleg kollegium med tett samarbeid mellom ulike fagområder
  • Aktiv internundervisning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

Vi ber om at attester og vitnemål skannes og lastes opp som vedlegg til din CV.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Åge Austheim
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Age.Austheim@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund
Søk på stillingen