Kort om arbeidsgiver

Stord sjukehus har ledig to faste overlegestillingar i anestesiologi.

Kan du tenke deg å busette deg i vestlandsbyen Stord?                                                                                                                                                                                                        

Vi har sjø og fjell og mange flotte turløyper i kommunen. Her kan du bu landleg eller sentralt, tett på byliv med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsannlegg. Oppvekstvilkåra for barn og ungdom er gode både mtp fleire barne- og ungdomsskular, og med eit mangfoldig tilbod innan idrett, kunst og kultur. På Stord finn ein fleire vidaregåande skular og Høgskulen på Vestlandet. 

Stord er ein landfast bykommune sentralt plassert mellom Stavanger og Bergen. Vi har flyplass med direkterute til Oslo, og kommunen er elles eit sentralt trafikknutepunkt. 

Sjukehuset på Stord har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Avdelinga har om lag 2500 anestesiar kvart år og tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, ØNH og urologiske inngrep. Sjukehuset har ca 450 fødsler/år ved fødeavdelinga og rundt 35 % av desse får epidural.  Vi har og ei intensivavdeling der anestesilegane mellom anna bidreg med respiratorbehandling. Ein inngår i traumeteam og i nyfødd resuciteringsteam. Anestesilegane våre skal over i 6-delt vaktordning med tilstedevakt, og endringa medfører fleire legar. Stord sjukehus har pr. no ikkje LIS i anestesiologi, anestesilegen er difor sentral i pasientbehandlinga vår.

Anestesilegane som blir tilsett hos oss vil ha mulighet til å disponere bustad på sjukehuset sitt område dersom det skulle vera av interesse. 

Vi treng deg som brenn for fag og pasienttryggleik, er god på kommunikasjon og som bidreg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Variert anestesiologisk arbeid knytt til elektiv virksomhet og øyeblikkelig hjelp. Vi fordeler operasjonsprogrammet vårt på 4 operasjonsstover i ei nyare og fin avdeling.
  • Anestesioverlegane må inngå i vaktordninga med 24-timers vakt
  • Mottak av pasientar i anestesi poliklinikk før operasjonsdag
  • Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokkadar, smertebehandling, nyføddresucitering eller anna.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi. LIS i sluttfase av spesialiseringa vert også oppmoda til å søke.
  • Relevant praksis og erfaring.
  • Ein må kunne inngå i aktuell vaktordning/tenesteplan som inkluderer 24-timers vakter utan forvakt. 
  • God kommunikasjonsevne er viktig for oss, og vert vektlagd. Gode språkkunnskapar er difor eit krav. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonseevner og personleg kompetanse blir vektlagd.
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Bidrar til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på tvers av seksjonar.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Konkuransedyktig pensjonsordning.
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Leige av bustad på sjukehusområdet, oppgi evt. behov i søknadstekst.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Fagleg utvikling gjennom løna utdanningspermisjon ihht gjeldande overeinskomst og 10 permisjonsdagar til etter- og vidareutdanning pr. år.

 

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Dag Rune Vatle
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 92217601
Navn: Britt Johanne Rikstad Myklevoll
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 48104894
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Akuttmottak og anestesi seksjon Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 Stord