Kort om arbeidsgiver

Vi søker LIS / spesialistlege i fysikalsk medisin og rehabilitering til fysikalsk medisin og rehabilitering poliklinikk (FMR pol). 

Fysikalsk medisin og rehabliltering er i Helse Førde eit fagfelt i vekst og utvikling. Det er planlagt ny sengepost i det nye sjukehuset som er under bygging. Tilgang og nærhet til andre fagpersonar, avdelingar og tilstøtande fagfelt vil ein nyte godt av også i framtida. I eiga avdeling har vi siste åra hatt fleire utviklingsprosjekt som har fått merksemd også utanfor eige føretak, mellom anna i kvaltietsutvikling knytt til bruk av VR, telemedisin, m.m.

Tverrfaglighet står sjølvsagt sentralt i vår kliniske tilnærming, både i poliklinikk og i sengepost. Vi tilbyr også behandling og oppfølging til pasientar med kroniske vanskar ved FSS, ved lokalsjukehusa eller smertepoliklinikk. Nokon pasientar får tilbod om dagbehandling med bruk av sjukehotell.  

Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering (som også betjener 4 sengeplassar i felles post), smertepoliklinikk og Læring og Meistring er samla i ein seksjon. Seksjonar for medisinsk heimebehandling, fysioterapi og ergoterapi er i same avdeling. Både i poliklinikk, sengepost og for ambulante tenester er det tverrfagleg samarbeid med sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, sosionom, logoped, psykolog og nevropsykolog.  

Den som vert tilsett får høve til å tilegne seg brei klinisk erfaring i samarbeid med dyktige kollegar i eit innovativt og nytenkjande arbeidsmiljø. Vi har fokus på grundige utgreiingar, heilskapleg forståing og tilnærming, bruk av velferdsteknologi og telematikk. Tilgangen på spesialisthelsetenestene tilhøyrande sjukehuset er god.

Oppstart stilling: etter avtale 

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk fagleg rådgjevar og utdanningsansvarleg overlege (ved tilsetting av overlege)
  • Til stillinga ligg ordinært klinisk pasientarbeid, individuelt og i gruppebaserte tilbod, samarbeid internt og eksternt. 
  • Medvirkning i fagleg utvikling
  • Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
  • Sporadisk reiseaktiviet 
  • Deltaking i sengepost og smertepol. må kunne påreknast

Kvalifikasjonar

  • Vi søker LIS i spesialiseringsløp og spesialistlege med interesse for tverrfagleg samarbeid og arbeid i team.
  • Relevant erfaring relatert til samansette muskel og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering, og tverrproffesjonelt arbeid er ynskjeleg
  • Gode kommunikative og språklege ferdigheiter 
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanninstittel: Spesialistlege fysikalsk medisin og rehabilitering / LIS

Personlege eigenskapar

  •  Engasjement for fagfeltet og ynskje om å vidareutvikle tenestene.
  •  På jobb er du positiv, strukturert, løysingsorientert og raus 
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode løns og tilsettingsforhold 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Moglegheit for fagleg utvikling

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Hanna Froehlke-Sollie
Tittel: Overlege
Telefon: (+47) 578 39 163
Navn: Are Mikael Lillebø
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 988 52 113
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Førde
Førde Sentralsjukehus
6807 Førde