Om arbeidsstaden
Det er ledig vikariat som fastlege frå 1. januar 2022 og ut året i 100% stilling ved kommunelegekontoret på Voss ettersomein av våre fastlegar skal gjennomføre spesialistutdannelse på sjukehuset.
 
Kommunelegekontoret på Voss flyttar i februar til nye lokaler i Knutepunktet like ved togstasjonen.  Til saman jobbar det 4 dyktige fastlegar der, ein turnuslege, to sjukepleiarar og helsesekretær.  Kontoret nyttar InfoDoc journalsystem.
 
Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet.  Legevakta er velfungerande og lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus.  Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. 
Vaktbelastning er ca. 3 - 4 vakter i måaden.
 
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste ved kommunelegekontoret
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
Offentleg /kommunalt helsearbeid, herunder både løpande oppgåver, kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
Deltaking i legevakt
 
Me søkjer
Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført turnusteneste
Gode samarbeidsevner og evner til å finne gode og heilskaplege løysingar
Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Førekort klasse B
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
 
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fastløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: John Håvardsholm
Tittel: Verksemdsleiar
Telefon: 41704947
E-post: john.haavardsholm@voss.herad.no
Arbeidssted
Uttrågata 15
5700 VOSS