Kort om arbeidsgiver

Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.

Seksjonen har tilsatt 6 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB), tre legar i spesialisering (LIS), og seks farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgiving i føretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.

Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemiddel.

Vi har frå 01.03.2022 ledig eit vikariat av eitt års varighet som lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande iagnostikk:                                                                                                                                                                   
    - Tolke analyseresultat som ledd i individretta behandling
    - Vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytisk og analytisk kvalitet
    - Bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø
       
  • Fagleg medansvar for formidling av rasjonell farmakoterapi:
    - Gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel i anledning effekt og biverknader                            
    - Delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon                                                                                                                                                                                         - Delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisitter for fastlegar  
    - Delta i arbeid med biverknader
    - Delta i arbeid i legemiddelkomiteen
    - Delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800 - 1600  

Det er ein viktig del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det blir lagt til rette for det

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetjing i LIS 3 stilling i klinisk farmakologi  
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk
  • Erfaring frå arbeid i eit laboratorium blir lagt vekt på  
  • Erfaring og interesse med forsking og undervisning blir lagt vekt på 

Personlege eigenskapar

  • Du må: 
    - ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
    - vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervisning
    - ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Det blir lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God opplæring
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Tid til fagleg fordjuping og utvikling
  • Lønn etter gjeldande overeinskoms
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Camilla Borthen Methlie
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 95978278
E-post: camilla.borthen.methlie@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen