Kort om arbeidsgiver

Er du motivert for spennande oppgåver innan diagnostikk og eit fag i rask utvikling?

Avdeling for patologi på Førde sentralsjukehus har ledig stilling for Lege i spesialisering. Tiltreding etter nærare avtale mellom desember 2021 og april 2022.

Patologi er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Vi utfører kvart år omlag 13 000 undersøkingar, og vår diagnostikk omfattar
heile spekteret frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analysar, samt
obduksjonar. Vi har no fem overlegestillingar og ein LIS stilling, og skal
utvide til to LIS i 2021. Avdelinga er framtidsretta og brukar allereie digital
patologi i rutinediagnostikk. Vi er i ein utviklingsprosess der større delar av
aktiviteten vert modernisert og digitalisert. I avdelinga legg vi vekt på
trivsel og godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag.

Vi søkjer ansvarsbevisst person med interesse for patologifaget som har evne
til å arbeide godt i team, tileigne seg kunnskap og arbeider nøyaktig og
effektivt. Stillinga legg opp til eit utdanningsløp med hoveddel av
LIS-utdanning ved Førde sentralsjukehus og tilleggsutdannning i Helse Bergen.

Tiltreding stilling føreset at LIS1 teneste er gjennomført. 

Arbeidsoppgåver

  • LIS får delta i diagnostisk arbeid med makroskopisk og mikroskopisk vurdering av histologisk og cytologiske prøvar, og obduksjonar.
  • Ved bruk av digital patologi er det mogleg å utføre delar av arbeidet frå distanse med fjerndiagnostikk.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Arbeidstid er mandag til fredag 0800-1600. Ved behov kan fleksibel arbeidstid tilretteleggast. 

Kvalifikasjonar

  • LIS lege skal ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i patologi
  • Patologifaget krev solid kunnskap innan dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
  • Erfaring frå klinisk verksemnd kan vere nyttig
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskarerfaring
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Stillinga passar for ein lege med mål om å utvikle høg fagleg kompetanse i patologifaget
  • Gode samarbeidsevner
  • Vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
  • Evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig og effektivt

Vi tilbyr

  • Personleg rettleiing og individuelt tilpassa utdanningsprogram
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for individuelt tilpassa arbeidstid
  • Rekrutteringstillegg
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Tonje Bøyum Riste
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 918 06 787
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde