Kort om arbeidsgiver

Ynskjer du ein ryddig 8-16 jobb, i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø? Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Volda har vi godt tilpassa arbeidsdagar med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Volda, Kristiansund, Molde og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen har ei akutt- og utgreiingseining (sengepost i Ålesund) og ei familieeining i Molde. 

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. 

Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY  og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vi har ledig eitt års vikariat for lege i spesialisering. Oppstartsdato etter nærare avtale med seksjonsleiar.  

BUP Volda har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Volda har ei stabil og god bemanning med overlege som kan gi LIS-legar god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.

Poliklinikken i Volda er delt inn i 3 tverrfaglege, geografiske team som gir tilbod om utgreiing og behandling til barn i alderen 0-18 år. Ved poliklinikken er det etablert småbarnsteam, akutt ambulant team, familieteam, traumeteam, samt at det er etablert OCD-team på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda.  Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve. 

Attesterte tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Som lege i spesialisering vil du ha varierte arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som er naudsynt for å bli ein god spesialist
  • Sentrale arbeidsoppgåver er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Svært gode norskkunnskapar (ev. svensk eller dansk) både skriftleg og munnleg
  • Det vert krevd framlegging av politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Ved tilsetting vert det lagt vekt på personleg dugleik, og på evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Tilsette vert involvert i fag- og organisasjonsutvikling og må trivast med dette
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag
  • Ynskjeleg med sertifikat for bil

Vi tilbyr

  • Vekentleg rettleiing av spesialist
  • Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
  • Individuell utdanningsplan ved tilsetting
  • Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kari Standal
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70058570
E-post: kari.standal@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda