Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig stilling som seksjonsoverlege ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk døgnseksjon og stilling som overlege ved allmennpsykiatrisk poliklinikk. Tiltreding etter nærare avtale. Søkarar som ønsker vikariat eller redusert stilling blir også oppmoda til å søke.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag tjue minuttars køyring frå Bergen sentrum.

Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 50 000 innbyggjarar over 18 år. Det er god kontakt med førstelinja og kommunane er i rask vekst. Øyane DPS er aktiv i samhandling med kommunane.

Vi ønsker å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønsker og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.

Øyane DPS består av:
*  Allmennpsykiatrisk poliklinikk, godkjend tenestestad for LIS3, med eige ambulant akutteam (AAT), dagbehandlingsteam og MBT team
*  Psykose døgnseksjon med 8 senger, poliklinikk med dagbehandlingstilbod godkjend som tenestestad for LIS3
*  Allmenn døgnseksjon har 10 senger og er godkjend som fordjupingsteneste og valfri teneste for LIS. Behandlargruppa består av seksjonsoverlege i 100 %, som no er utlyst, psykologspesialist 100 %, LIS1 og LIS3

Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open seksjon som primært tilbyr korttidsbehandling og er ledd i ein behandlingskjede for menneske med allmenne psykiatriske lidingar. Vi mottar pasientar frå fastlege, AAT, somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus og Sandviken sjukehus, mottakspost (PAM). Allmenndøgn har tett samarbeid med allmennpoliklinikk og AAT. Vi har eige dagtilbod som alternativ til døgn kor seksjonsoverlegen i allmenndøgn vil vere sentral i samarbeid med poliklinikken.

Det er ønskeleg at søkar har erfaring frå arbeid i døgnpost, god arbeidskapasitet, likar ein variert arbeidskvardag, er løysingsorientert, positiv og trivst i eit tverrfagleg miljø. Seksjonsoverlegen vil delta på utvida leiarmøte.

Allmennpsykiatrisk poliklinikk tilbyr utgreiing og behandling for pasientar med psykisk liding av moderat til alvorleg grad. Vi tilbyr både individuell og gruppebasert behandling. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og arbeidsmiljø, og samarbeider om saker i tverrfaglege team. Vi har brei kompetanse med rom for ulike terapeutiske fordjupingar: Vi har kompetanse innan kognitiv terapi, korttidsdynamiske og andre relasjonelt orienterte behandlingsformer, mentaliseringsbasert terapi, traumebehandling og EMDR, CBT-E for spiseforstyrringar, gruppebehandling og biologiske/medikamentelle behandlingsmetodar. Vi legg vekt på fagleg utvikling.

Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.

Legegruppa ved Øyane DPS består av 3 overlegar i 100%, 3 konstituerte overlegar, 2  LIS 3, LIS 1 og 1 lege i sitt sjukehusår.  

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetjing av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Undervisning og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, effektiv og sjølvstendig
  • Erfaring frå allmenn- og akuttpsykiatri samt døgnbehandling
  • Noko erfaring frå rettleiing av LIS
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Trude Merete Ramberg
Tittel: Seksjonsleiar allmennpsykiatrisk døgnseksjon
Telefon: 56326619
Navn: Margrethe Songstad
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 56326600
Navn: Liv Åse Dybdal
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 56326600
Navn: Nina Bjerke
Tittel: seksjonsleiar allmennpsykiatrisk poliklinikk
Telefon: 56326600
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Øyane distriktspsykiatriske senter/ Allmennpsykiatrisk døgnbehandling og allmennpsykiatrisk poliklinikk, Helse Bergen
Blombakkane 75
5353 Straume