Ølen legekontor er ein gruppepraksis med totalt 5 legeheimlar lokalisert i Vindafjord beredskapssenter. Legekontoret har gode og moderne lokaler, er godt utstyrt og har stabilt og dyktig hjelpepersonale. Fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande i fastlegeordninga.
Som sjølvstendig næringsdrivande i fastlegeordninga vil kommunen dekkje driftskostnadene. Anna driftsform kan eventuelt drøftast. Ny heimelsinnehavar må inngå avtale rundt dei økonomiske villkåra knytt til overdraging av ny heimel med noverande heimelsinnehavar. Om du ikkje er spesialist i allmennmedisin kan kommunen tilby ALIS stilling med praktisk og økonomisk bistand til gjennomføring av spesialiseringa. Kommunen har totalt 3 legekontor; Vikedal legesenter, Vindafjord legesenter og Ølen legekontor. I kommunen er det totalt 11 fastlegar + 1 Lis 1 lege. Legekontoret nyttar System X- datasystem, men er i prosess på overgang av nytt journalsystem, til Hove Total.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Maren T. Hustoft
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 924 82 820
E-post: maren.hustoft@vindafjord.kommune.no
Navn: Terje Egil Kleiven
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 93438664
E-post: terje@isvik.no
Arbeidssted
Ølen legekontor
Eiabakken 7
5580 ØLEN