Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat i 9 månader for lege i spesialisering i thoraxkirurgi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdomar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisert verksemd innan følgande område: Ikkje-invasiv-diagnostikk og behandling, thoraxkirurgi, intensivmedisin og overvaking, pacing og hjartesvikt, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er framtredande og forskingsaktiviteten er høg. Avdelinga har 2 store sengepostar, ei intensiv- og overvakingseining samt fleire spesiallaboratorium og poliklinikk.

Thoraxkirurgisk seksjon tar hand om om lag 1000 inneliggjande pasientar årleg, og har i tillegg poliklinisk verksemd. Det blir utført om lag 700 operasjonar med bruk av ekstrakorporeal sirkulasjon årleg. Innanfor non-kardial kirurgi, der lungekirurgi, mediastinal kirurgi og pectusoperasjoner dominerer, vert det no årleg gjort om lag 300 operasjonar. Vidare har sjukehuset regionalt traumesenter som gjev aukande krav til verksemda. Seksjonen har 7 overlegestillingar og 6 LIS stillingar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid innan hjartekirurgi, lungekirurgi og generell thoraxkirurgi medrekna traumatologi
  • Forvakt innan thoraxkirurgi, for tida 7-delt

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i Thoraxkirurgi
  • Det er krav om krevd brei generell kirurgisk erfaring. Det blir og lagt vekt på erfaring innan forsking, samt generell klinisk og organisatorisk verksemd
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø i kontinuerleg utvikling
  • Ein sosial og aktiv arbeidsplass
  • Ei gruppe av tilsette med høg fagleg kompetanse

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Rune Haaverstad
Tittel: Seksjonsoverlege/Professor
Telefon: 55976724
E-post: rune.haaverstad@helse-bergen.no
Navn: Eivind Solheim
Tittel: Ass.avdelingsdirektør
Telefon: 55976738
E-post: eivind.solheim@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hjarteavdelingen, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen