Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du ein ryddig 8-16 jobb, i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø? Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Molde har vi gode tilpassa arbeidsdagar med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver.  
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining (sengepost i Ålesund) og ei familieeining i Molde.

Vi har ledig både fast stilling og vikariat for lege i spesialisering frå snarast. Oppstartsdato etter nærare avtale med seksjonsleiar. 

Poliklinikken i Molde har ledige stillingar for lege i spesialisering.  Stillingane er knytt til team som arbeider med barn og unge i alderen 6-18 år.
BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Molde har ei stabil og god bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.

Om du søkjer både på fast stilling og vikariat , ber vi om at du skriv det i søknaden. Attestar/tenestebevis til bruk for ansiennitetsbekning må lastast opp som vedlegg til CV.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestadar.

Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.visitnorthwest.no/molde/

Arbeidsoppgåver

  • Som lege i spesialisering vil du ha varierte arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist
  • Sentrale arbeidsoppgåver er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Svært gode norskkunnskapar (ev. svensk eller dansk) både skriftleg og munnleg
  • Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Vi ønsker oss ein tilsett som vil bidra i seksjonens fag- og organisasjonsutvikling
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Vekeleg rettleiing av spesialist
  • Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
  • Individuell utdanningsplan ved tilsetting
  • Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar (rekrutteringstillegg)
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Sivertsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217485 /mob. 99245684
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedsvegen
6412 Molde