Kort om arbeidsgiver

Ortopediske legar Molde har ledig  eit 3-års vikariat for lege i spesialisering. Oppstartdato 03.01.2022, eller etter nærare avtale med seksjonsleiinga.

Stillinga er i ein ortopedisk seksjon med 5 overlegar og 3 LIS. Vi har eit breitt behandlingsspektrum der vi legg vekt på god og intensiv utdanning med høg operasjonsfrekvens. Seksjonen har stor operasjonsaktivitet og eit godt arbeidsmiljø. Godt og tett samarbeid med andre fag, spesielt kirurgi inkl. plastisk kirurgi. 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, segling og padling. Spennande toppidrett bl.a. innan håndball og fotball. Det fins eit interessant akademisk miljø ved Høgskolen, Molde og omegn har betydelig industriell aktivitet. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo, Bergen og  også internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. 

Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientbehandling med operative og konservative metoder
  • Sengepostarbeid
  • Poliklinikk
  • Vakt i eget ortopedisk vaktlag
  • Undervisning og utdanning av LIS1

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du liker teamarbeid i eit positivt dynamisk miljø
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du har interesse for kvalitetsforbedring og forskning
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)
  • Personleg eignaheit og relevant erfaring og kvalifikasjonar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ei spesialistutdanning som er godt forankra i føretaket der læringsmål blir tatt vare på etter ein systematisk plan. Vi gir kniven videre!
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jens M. Stutzer
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 71120000
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopediske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde