Kort om arbeidsgiver
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.

Vi har ledig:
  • fastlegeheimel frå 01.03.2022 ved Førde legesenter.
Det er 900 pasientar på lista ved oppstart. 15 fastlegar har praksis på legesenteret og vi har lagt til rette for ein ny heimel i løpet av dette året. Dette for å kunne redusere listelengde for legar som ynskjer dette.

Det er 10.5 årsverk hjelpepersonell på legesenteret. Fastlegane har felles gruppepraksis i nye lokale og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle legane har 0-avtale og det er ikkje kostnader knytt til oppstart i heimelen. Vi kan og tilby fastlønsavtale. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne, nye lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 22-delt vakt.

Krav til søkar:
  • du må vere spesialistar i allmenn medisin, eller starte på spesialiseringa ved tilsetjing
  • du har gode kommunikasjon og samarbeidsevner
  • god norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg
  • politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Du må søke elektronisk.
 
Velkommen som søkar!
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Knut Erik Folland
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 918 82 662
E-post: kef@sunnfjord.kommune.no
Navn: Roy Båtevik
Tittel: Medisinsk fagleg ansvarleg lege i Førde
Telefon: 906 04 909
E-post: roy.Batevik@sunnfjord.kommune.no
Arbeidssted
Langebruvegen 28
6800 FØRDE