Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 4 vikariat for lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin. Vikariata er ledige frå omgåande og varer i første omgang i 6 månader, med stor moglegheit for forlenging og eventuelt fast stilling. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan Cand.med. søke og bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Vi har eit rekrutteringstillegg til LIS 3.

Haukeland universitetssjukehus, avdeling for rusmedisin er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. Avdelinga har 9 godkjende spesialistar i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Stillinga vil vere godt eigna for fastlegar som treng sjukehusåret til spesialisering i allmennmedisin.

Avdeling for rusmedisin vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare Bergensklinikken. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger. I tillegg kjem poliklinisk verksemd fordelt på LAR, med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt. 

Arbeidsoppgåver

  • Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
  • Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagd inn på tvang
  • Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar
  • Vaktteneste på Akuttposten

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det vert krevd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Akuttmedisinsk erfaring er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker medarbeidarar som ønsker å jobbe med pasientar med krevande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønsker legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søker råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Hege Tønnesen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 46836501
E-post: hege.tonnesen@helse-bergen.no
Navn: Therese Svendsen
Tittel: LIS koordinator
Telefon: 97873779
E-post: therese.marlen.svendsen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Avdeling for Rusmedisin
5021 Bergen