Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk er ein eigen klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har tre avdelingar på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar (ASL) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og tre avdelingar på Haukeland; Avdeling spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin. 

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar, i tillegg til ein spesialisert poliklinikk.

Vi lyser ut 50 % fast stilling tilknytta stemningspoliklinikken. Vi søker etter overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga er ledig etter nærare avtale.

Poliklinikkens faglege tilbod inneheld mellom anna:

  • Organisk-somatisk differensial diagnostikk ved komplekse affektive lidingar
  • Avansert psykofarmakologisk behandling
  • Nevrostimulering - Transkraniell magnetstimulering (TMS)
  • Nevropsykologisk utgreiing
  • Psykoedukasjonskurs for pasientar med bipolar liding
  • Utstrakt samarbeid mellom poliklinikken og forskingsavdelinga

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med hovudsakleg affektive lidingar
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Kunnskap om/interesse for pasientar med stemningslidingar
  • Fordel med erfaring frå poliklinikk
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du er fleksibel
  • Du har engasjement for pasientgruppa/fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er opptatt av samarbeid
  • Du bidrar aktivt til eit god arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved avdeling stemningslidinar
  • Fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesiallstforum og kasuistikkar
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Knut Olaf Skårdalsmo
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958774
Navn: Renata Alisauskiene
Tittel: Overlege
Telefon: 55958500
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
50 % fast stilling i stemingspoliklinikken/Avdeling stemningslidingar/Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 Bergen