Kort om arbeidsgiver
Nord-Fron kommune har ledig stilling som fastlege og søker etter deg som er glad i natur og og kultur. Nord Fron kommune ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Vi har eit breitt natur- og kulturtilbod med attraktive fjellområder og musikkfestivaler, som countryfestilvalen og Rondaståk.
Stillinga er fastløna 100 % og arbeidsgjevar stiller med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering i allmennmedisin.
Tilplikta deltaking i interkommunal legevaktordning med lav vaktbelastning. Kommunen inngår i legevaktordning med Sør- og Midt-Gudbrandsdal. Stillinga kan bli tilplikta andre kommunale oppgåver.
Vinstra legekontor har tilsaman sju fastleger og LIS1 lege. Kontoret er kommunalt drevet med tilsett hjelpepersonell.
Arbeidsgjevar har ansvar for IKT, utstyr og lokaler.
Tiltredelse snarast.

Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.
- Du er lærevillig og har stort pågangsmot.

Vi kan tilby deg
- Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
- Fast stilling i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Flyttegodtgjersle.
- Barnehageplassgaranti.

Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.

Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bente Joten Skog
Tittel: Sektorsjef
Telefon: 477 51 541
E-post: Bente.Joten.Skog@nord-fron.kommune.no
Navn: Anders Brabrand
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 45 124
E-post: Anders.brabrand@nord-fron.kommune.no
Arbeidssted
-
2640 VINSTRA
Søk på stillingen