Kort om arbeidsgiver

Har du klinisk spesialitet og lyst til å lære meir om hyperbar- og dykkemedisin? Yrkesmedisinsk avdeling har ledig ei kombinasjonsstilling med 50 % klinisk arbeid inkludert dykkelegevakt ved Seksjon for hyperbarmedisin med 50 % forsking ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM).

NSMDM er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen, med formål om å fremme helse mellom sjøfolk og dykkarar. Senteret har 16 tilsette og driv m.a. undervisning, rådgjeving, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, regelverksarbeid, seleksjonsmedisinske utgreiingar av dykkarar og sjøfolk og driftar den norske telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio medico. Vi jobbar tett med m.a. Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og ei rekke prosjektsamarbeid med andre offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet.

Seksjon for hyperbarmedisin er ein poliklinikk som har nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling (HBO). Dei elektive pasientane får poliklinisk seriebehandling i trykkammer fem dagar per veke i seks veker. Poliklinikken har opningstid frå kl 07.30 til 16.30. Vi går og 6-delt dykkelegevakt og tilbyr æyeblikkelig hjelp HBO i helseregion vest og midt-Noreg.

Arbeidsoppgåver

  • Forskingsarbeid knytt til eit registerbasert prosjekt om helse hjå norske yrkesdykkarar. I prosjektet undersøker vi sjukdom og helsetenestebruk hjå dykkarar som var aktive i perioden mellom 1980 og 2011 med utgangspunkt i helesetenestedata innhenta frå Norsk pasientregister, Kommunalt pasient- og brukarregister og Reseptregisteret
  • Mottak og oppfølging av elektive polikliniske pasientar på Seksjon for hyperbarmedisin gjennom pasientforløp i samarbeid med sjukepleiartenesta som opererer trykkamra
  • Vurdering av tilvisingar
  • Operasjon av trykkammer i samarbeid med andre overlegar eller kammeroperatørar
  • Behandling av intensivpasient på respirator i trykkammer i samarbeid med anestesilege
  • Deltaking i 6-delt dykkelegevakt (heimevakt)
  • Formidling/undervisning
  • Deltaking i PhD-programmet ved UiB (dersom relevant)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Lege, klinisk spesialitet
  • Forskingsinteresse og formidlingserfaring vil telje positivt
  • Evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknaden

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert

Vi tilbyr

  • Ei unik moglegheit for nybrottsarbeid
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Spisskompetanse på eit lite fagfelt
  • Lønn etter avtale – 50% av stillinga er ei fast overlegestilling knytt til Hyperbarmedisinsk seksjon og 50% av stilling er ei forskarstilling knytt til NSMDM - for kvalifisert kandidat vil denne delen av stillinga vere ei fast forskarstilling, for kandidat utan PhD vil denne delen av stillinga vere ei midlertidig tilsetting over 6 år som PhD-stipendiat.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Forsker
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Seksjonsleiar lege
E-post: jon.magnus.haga@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen
Søk på stillingen