Kort om arbeidsgiver
Time kommune søker fastlege til privat næringsdrift ved Sandtangen legesenter. Oppstart frå 01.05.22 eller etter nærmare avtale. Listestørrelse pr. 01.10.21 er 1038 pasientar med listetak på 1000. Gjennomsnittsalder på lista er ca. 35  år, og det er 55 % kvinner og 45 % menn. Økonomiske vilkår ved overdraging av praksis vert forhandla med avtredande lege. Kommunen kan tilby mellom anna gunstig lån og tilskot til LIS3 beskrive lenger nede i annonsen. Det er òg mogleg med deleliste eller å prøva seg i vikariat før ein bestemmer seg endeleg.

Arbeidsoppgåver
  • Fylgja opp pasientar på liste.
  • Det er for tida ingen andre kommunale legeoppgåver knytte til heimelen, men dersom det er ønskeleg, kan dette vera mogleg.
  • Legevakt 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og kl. 08-23 i helger.
  • Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes 60-delt kl 23-08.
  • Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon
  • LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
  • Krav om politiattest

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Me tilbyr
  • Rente- og avdragsfritt lån inntil 50 % av kjøpesummen (maks lån kr 500 000) i 5 år og påfylgjande 3 års bindingstid
  • Garanti for 70 % av kjøpesummen (maks garantisum kr 700 000) ved ev. sal av praksisen innan 5 år
  • Introduksjonkurs og rådgiving i rekneskap inntil fem timar
  • LIS3 får årleg tilskot på inntil kr 300 000 gjennom spesialistutdanninga i tråd med Helsedirektoratet si tilskotsordning
Sandtangen legesenter er sentralt plassert på Bryne. Senteret held til i moderne og funksjonelle lokale, er godt utstyrt, bl.a. med moderne ultralydapparat, og husar sju fastlegar, derav éi kommunal ALIS-stilling. Medhjelparane er stabile og dyktige og består av sjukepleiarar, helsesekretær og bioingeniør. Senteret er veldrive med gode rutinar og godt arbeidsmiljø. Det er ein augelege-praksis knytt til legesenteret. Journalsystem System X vert nytta.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktpersoner
Navn: Torunn Ree
Tittel: Nåverande heimelshavar
Telefon: 91182196
E-post: torunn.ree@sandtangen.nhn.no
Navn: Torbjørn Mosdøl
Tittel: Fastlege og dagleg leiar
Telefon: 91548524
E-post: torbjorn.mosdol@sandtangen.nhn.no
Navn: Øystein Fjetland Øgaard
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 45662014
E-post: oystein.fjetland.ogaard@time.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sandtangen medical center
Kirsten Brynes veg 7
4344 BRYNE
Søk på stillingen