Kort om arbeidsgiver

Seksjon smertebehandling og palliasjon har ledig 100 % utdanningsstilling med 12 månaders varighet for lege som ønskjer å gjennomføre vidareutdanning innan kompetanseområdet palliativ medisin. Den som blir tilsett vil bli knytt til Palliativt team. Rettleiing og undervisning vil bli gitt i samsvar med krav til Kompetanseområdet palliativ medisin. Vi kan også ut frå ei totalvurdering ha moglegheit for å tilsette i to 50 % stillingar dersom dette er hensiktsmessig. 

Vidareutdanninga byggjer på spesialistgodkjenning i klinisk spesialitet og er eigna for spesialistar innan anestesi, onkologi, indremedisin, allmennmedisin eller andre relevante medisinske spesialitetar.

Dersom det ikkje er søkarar som ønsker eit utdanningsløp med sikte på godkjenning i Kompetanseområdet palliativ medisin, kan andre søkarar bli vurderte for tilsetting. Det kan vere fastlegar som treng eit år i spesialisthelsetenesta eller legar med spesialistgodkjenning og godkjenning innan kompetanseområde palliativ medisin og/ eller legar med spesialistgodkjenning med interesse for palliasjon.

Seksjon for smertebehandling og palliasjon er den eldste tverrfaglege smerteklinikk i Noreg og er organisert som ein seksjon under Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Seksjonen er ei konsulenteining som vurderer pasientar, gjev råd til spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, og bidrar til undervisning om smertebehandling og palliasjon. Seksjonens personale har lang erfaring i vurdering og behandling av pasientar med akutte og  langvarige og/eller kompliserte smertetilstandar og av palliative pasientar.

Palliative tenester i Helse Bergen er i utvikling og det er forventa endringar i oppgåver og struktur i tida som kjem. Den som blir tilsett, må difor vere budd på andre arbeidsoppgåver enn det teamet har i dag. Det skal etablerast ein palliativ sengepost, og palliativt team vil bli involvert i drift av denne. Det blir oppstart av vaktordning for legar i palliativt team hausten 2021. Ambulant teneste vil også kunne inngå i stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Direkte pasientretta arbeid i tett samarbeid med tverrfagleg personell som har ansvar for dagleg oppfølging av pasienten og i samarbeid med dei øvrige medlemma av palliativt team
  • Tilsynsfunksjon til pasientar med plager knytta til alvorleg eller uhelbredelig sjukdom
  • Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell, i samband med pasienttilsyn, samarbeidsmøte og telefonmøte
  • Vurdering og tilvising til andre palliative tilbod og samarbeid med desse tilboda
  • Vidareutvikling av samhandlinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta
  • Utvikle fagleg kompetanse og kunnskap innan lindrande behandling på sjukehus og i kommunehelsetenesta, ved å bidra med undervisning, rettleiing, fagdagar o.l.
  • Det arbeides for å etablere ei intern palliativ vaktordning på HUS med planlagd oppstart i haust. Utdanningskandidat vil inngå i vaktordninga

Kvalifikasjonar

  • Lege med norsk autorisasjon, spesialistgodkjenning og med relevant medisinsk fagområde
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring     

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar/ pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Du har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar som er i ein krevande livssituasjon
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du kan delegere og følge opp delegerte oppgåver 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.   

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Marte Skagseth
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55974008
Navn: Katrin Sigurdardottir
Tittel: Fagansvarleg overlege
Telefon: 93260266
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk serviceklinikk/ Seksjon for smertebehandling og palliasjon, Helse Bergen
Haukelandsbakken 15
5009 Bergen