Kort om arbeidsgiver
Avdeling for medisinsk mikrobiologi omfattar to seksjonar: Seksjon Molde og Seksjon Ålesund. Avdelinga yter service til alle fire sjukehusa og til primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Grunna den pågående pandemien, stigande forekomst av antibiotikaresistens og ein stadig større populasjon av immunsupprimerte/infeksjonsutsette pasientar, veks faget i omfang og blir stadig viktigare.
Medisinsk mikrobiologi er eit klinikknært laboratoriefag og dei daglege arbeidsoppgåvene for legane i  avdelinga er i stor grad grensesnittet mellom laboratorium og klinikkar. 

Avdelinga har ledig to faste stillingar og ei tidsavgrensa stilling for lege i spesialisering frå 01.11.2021.
Mellombels stilling er tidsavgrensa til tre års tilsetting
 
Attestar/tenestebevis frå tidlegaree arbeidsforhold må lastast opp som tillegg til CV/søknad


Arbeidsoppgåver
  • Kontorstad for legane i avdelinga er ved seksjon Molde, men ein må pårekne regelmessige reiser til Mikrobiologi Ålesund.
  • LIS deltek i primærvaktordning.
Kvalifikasjonar
  • Gjennomført norsk LIS1, eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Stillingane er forbehaldne for kandidatar som ønskjer spesialisering i medisinsk mikrobiologi.
Personlege eigenskapar
  • Vi ønsker å byggje eit solid fagmiljø i foretaket, og søkjer kreative og inititativrike medarbeidarar.
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado når det gjeld fjellturar, alpint, klatring, golf, segling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde har dei siste åra fått ny front mot sjøen med mellom anna fleire spennande kaféar og restaurantar. Les meir om Molde og Romsdalen her
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Einar Nilsen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71222139
Hjemmeside
Arbeidssted
Mikrobiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Bjørnstjerne Bjørnsons veg
Søk på stillingen