Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger er eit sjukehus der ein kan få dekka alle læringsmål i pediatri. Avdelinga dekker ein barnepopulasjon på omlag 112.000 barn i alderen 0-18 år. Der er omlag 2500 innleggingar pr år korav omlag 750 ved nyføddavdelinga. Sjukehuset har ca. 4500 fødslar årleg. Der er ein godt utbygd poliklinikk med omlag 18 000 konsultasjonar pr år. Avdelinga underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen og Semmelweis Universitet i Budapest.

Ved gastroseksjonen på poliklinikken blir born og unge med alle typar gastroenterologiske problemstillingar fulgt opp. Det blir utført konsultasjonar med lege, sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog, spiseteam og CL-team. Dagposten tar imot born og unge med IBD til infusjonsbehandling og skopiar (for tida utført av gastroenterologar ved med. avd. Gastroseksjonen har etablert eit lokalt kvalitetsregister for "Funksjonelle mage- og tarmsykdommer for barn og ungdom i Sør-Rogaland". Seksjonen har fokus på kontinuerleg kvalitetsforbetring og planlegger auka forskingsaktivitet. 

Det er ledig ei fast overlegestilling innan pediatrisk gastroenterologi ved Barne- og ungdomsklinikken. Ønske om snarleg tiltreding. 

Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedlegges søknaden. 

Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåver vil omfatta ovannemnde arbeid ved gastropoliklinikk/dagpost, samt postarbeid og vakt. 
  • Legen deltar i avdelinga sitt undervisningsprogram internt samt deltaking i undervisning på LMS-senter for pasientar og pårørande.
  • Legen deltar i supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering, i studentundervisning samt i gastrofaggruppe. 

Kvalifikasjoner

  • Autorisasjon som lege.
  • Spesialist i pediatri med kompetanse i gastroenterologi, men LIS med kort tid igjen til spesialitet og kompetanse/interesse for fagfeltet er også velkomne til å søka.
  • Forskingskompetanse eller interesse for forsking er ønskeleg og vil bli vektlagt i vurderinga av søkarane.
  • Søkar må beherska norsk skriftleg og munnleg svært godt. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må min. ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med kolleger og pasienter. 
  • Evne til både å jobba sjølvstendig og tverrfagleg i team.
  • Evne til å arbeida strukturert, effektivt og målretta.
  • God fagleg vurderingsevne.
  • Søkar må vera påliteleg, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv(IA)-bedrift
  • Turgruppe og bedriftidrettslag

Mangfoldserklæring

Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for et inkluderende rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 51 51 34 79
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / barneklinikken leger, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger