Me har ledig
Aurland kommune har ledig stilling for fastlege ved etablert legekontor. Me ynskjer velkomen nyutdanna lege under spesialisering (ALIS / LIS3).

Stillinga er knytt til Aurland legekontor som i dag har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling. Fastlegane er fastløna. Legekontoret er godt bemanna med to erfarne helsesekretærar og ein sjukepleiarar. Legekontoret nyttar journalsystemet Infodoc.

- Listetak er 700. Dette kan endrast etter avtale.
- Det er knytta allmennmedisinske offentlege oppgåver til heimelen, pt helsestasjonsteneste. Dette kan endrast etter avtale.
- Deltaking i 4-delt daglegevakt på kontoret i Aurland.
- Deltaking i interkommunalt 12-delt legevakt for kommunane Aurland, Årdal og Lærdal, samlokalisert med legevaktsentral og KAD på Lærdal sjukehus.

Me tilbyr
- Me ynskjer å strekkja oss langt for deg som ny heimelshavar, anten du er i oppstart av spesialisering som allmennlege eller ferdig spesialist.
- ALIS vil få tildelt rettleiar, og me vil saman utarbeida og fylgja opp utdanningsplanen din. Rettleiing og supervisjon vil skje ved Aurland legekontor. Me vil tilby refusjon av kursutgifter som ikkje blir dekka av utdanningsfond II, og tilby løn under fråvær for obligatorisk utdanning ( td kurs og rettleiingsgruppe).
- høgt fagleg nivå i tenestene og eit kreativt og utviklande fagmiljø
- gode kollegaer
- samlokalisering og godt sammarbeid med andre kommunale helsetenester
- konkurransedyktige vilkår med avtalepraksis eller fastlønn.
- ved fastlønn er vi IA bedrift med godt tilrettelagde ordningar og gunstige pensjonsordningar
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Har du spørsmål om stillinga eller lønn, kan du kontakte:
tenesteleiar Guri Olsen på tlf 95 98 46 63 eller guri.olsen@aurland.kommune.no eller kommunelege Frøydis Gullbrå på tlf 90 95 98 08 eller froydis.gullbra@aurland.kommune.no.

Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
- Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B, og disponere eigen bil
- Godkjend politiattest jfr helsepersonellova før tiltreding i stillinga
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst 3 månadar i land med høg førekomst av tubekulose, må ved tilsetning kunne leggje fram godkjend tubekulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.

Personlege eigenskapar
- evne til å arbeide sjølvstendig
- gode evner til sammarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande.
- gode evner til kommunikasjon
- evne til omstilling

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Tiltreding etter avtale

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Kontaktperson
Navn: Guri Olsen
Tittel: Leiar Helse og førebygging
Telefon: 95984663
E-post: guri.olsen@aurland.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Onstadvegen 25
5745 AURLAND
Søk på stillingen