Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga
Alver kommune har ledig 6 månaders vikariat for lege, med mogelegheit for forlenging. Det er ledig 100 % stilling, men deltid kan diskuterast dersom dette er ønskjeleg.

Om stillinga
Ønsker du å prøve arbeid innan allmennmedisin utan å måtte forplikte deg til ei fastlegeliste? Då er dette ein sjanse der du og kan få anledning til arbeide innan fleire fagfelt!
Grunna sjukefråvær har vi no ledig legevikariat i Alver kommune. Arbeidsoppgåvene er primært innan offentleg allmennmedisinsk arbeid ved sjukeheim og helsestasjon. Vi kan leggje til rette for kombinasjon med legevakt og/eller fastlegearbeid dersom det er ønskjeleg.

Stillinga er fleksibel, og vi er open for å diskutere løysingar med deg.
Aktuelle arbeidsstader er:
*Sjukeheimstenesta: Alver kommune - Sjukeheimane våre
*Helsestasjonen: Alver kommune - Helsestasjon
*Nordhordland legevakt: Alver kommune - Nordhordland legevakt
*Fastlege ved kommunalt legekontor

Vi nytter Visma Profil i sjukeheimstensta, og Infodoc Plenario i helsestasjon, legevakt og fastlegekontora.
Alver kommune er godkjend utdanningsverksemd for spesialiteten i allmennmedisin.

Det er ca 30 000 innbyggjarar i Alver kommune, og kommunesenteret Knarvik ligg ca 30 minuttar køyretid frå Bergen.

Arbeidsoppgåver
Sjukeheim: Tilsynslege. Sjukeheimane har god fagkompetanse og sjukepleiar på avdelingane. Det er erfarne fastlegar som har deltidsstillingar i 20- 30% stillingar, og ein sjukeheimslege i 100% stilling. Vi har avdelingar for kortidsplassar, langtidsplassar, avdeling for demenssjukdom og ein avdeling for palliativ omsorg, Florence.

Helsestasjon: Helseundersøking og skulestartundersøking i samsvar med gjeldande retningsliner. Legerelaterte oppgåver innanfor dei nasjonale retningslinjene for aldersgruppa 0-5 år.

Legevakt: Daglegevakt i Alver kommune, og interkommunal legevaktsamarbeid på kveld, natt og helg

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Lege med gjennomført LIS 1 teneste, men vi kan og vurdere lege med autorisasjon
  • Relevant klinisk erfaring
  • Engasjement og interesse for allmennmedisin
  • Du bør ha førarkort
 Personlege eigenskapar
  • Du er ansvarsfull, engasjert, løysingsorientert og god på samhandling med dei ulike faggruppene i kommunen.
  • Du ser at kommunen treng heilskaplege tenester, og kan jobbe tverrfagleg både i helsestasjonstenesta, sjukeheimstenesta og legetenesta.
  • Du klarer å prioritere i ein travel arbeidskvardag og organiserer eige arbeid
Vi tilbyr
  • Fleksible løysingar 
  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
  • Alver kommune er godkjent utdanningsverksmd for LIS 3, og kan legge til rette for gjennomføring av spesialiteten allmennmedisin.
  • Det vil bli gittt naudsynt opplæring
Det er gode bustadområder, barnehagar og skular i Alver, om du ønskjer å flytte hit.

Pendling frå omeignskommunane er også mogleg. Alver kommune har tilbod om eit rikt kultur- , musikk- og idrettsliv både for born og vaksne.


Politiattest
Ved tilsetjng må gyldig politiattest iht. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 første ledd, framvisast. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Bente Karin Bø Taule
Telefon: +47 47459725
Arbeidssted
,
5906 FREKHAUG
Søk på stillingen