Kort om arbeidsgiver
Etter mange år med bruk av vikarbyrå ønskjer vi å etablere ein ny modell for legetenesta vår med legestillingar i legekontoret og legevaktvaktordning med tilknyting til KAD-avdeling i eit interkommunalt legevaktsamarbeid. Ordninga skal innførast innan 01.01.2022.

Kommunen har frå før vår dyktige kommunelege som har vore i kommunen over lengre tid med ansvar for sjukeheimen og helsestasjonen. Legestillinga i nordsjøturnus arbeider 1-2 veker kvar. Du er på legekontoret frå kl. 08:00 til 15:30 med vaktberedskap. Utanom dette er stillinga tilknytt ca. 2-3 vakter på ettermiddag/helg i den interkommunale vaktordninga pr. månad.

Legekontoret vårt er ope fem dagar i veka og bemanna med dyktige og robuste sjukepleiarar og legesekretær. Kontoret er velutstyrt med godt medisinsk utstyr og er samlokalisert med psykisk helse, helsestasjon, jordmor, NAV og fysio. Legevakta ligg i Førde med litt over 1 times køyring frå Hyllestad og der vil det alltid vere to legar på vakt.

I tillegg til fastlegeoppgåver og legevakt, har legen fast samarbeid med heimetenesta. Stillinga er tillagt smittevernfunksjon. Dei som vert tilsett kan velje fast tilsetting, eller få fast honorar som næringsdrivande.
For å dekke sjukefråvær og anna fråvær, søkjer vi i tillegg etter lege som kan steppe inn ved planlagt fråvær og på kort varsel ved akutt sjukdom.
For stillinga er det krav om spesialisering i allmennmedisin.
Legekontoret vert drive av kommunen. Hyllestad kommune har som mål at alle innbyggjarar skal ha tilgang til gode allmennlegetenester, tilpassa sine behov.

Ansvar og oppgåver:
  • Fastlegeoppgåver
  • Legevisittar og konsultasjonar i heimetenesta
  • Legevakt
  • Kollegial fråværsdekning i legekontoret
  • Smittevern
  • Dei kommunale oppgåvene tillagt heimelen kan endrast etter avtale
Kvalifikasjonar:
  • Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
  • Spesialist i allmennmedisin
  • Meistrar skandinavisk språk og tilfredsstiller det skriftleg og munnleg
  • God kommunikasjon og relasjonelle ferdigheiter
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
  • Systematisk, fleksibel og løysningsretta
  • Oppteken av å løfte fram andre – god rolleforståing
  • Er interessert i, og trivast med utviklingsoppgåver og innovasjon
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • Robust og stor arbeidskapasitet – klarar å stå i krevjande situasjonar og ta leiinga
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
  • Arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtalar
  • Pensjonsavtale i KLP
  • Fastløn etter avtale
  • Spennande utviklingsoppgåver og tverrfagleg miljø
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Gratis bustad og reiser til og frå arbeid
  • Gratis tilgang til treningssenteret like ved legekontoret
  • Tilgang til bil

Tiltreding seinast 01.01.2022
Du må legge fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar før du kan ta til i stillinga.

Søknadsfrist 27.oktober 2021

Vi ynskjer to referansar i søknaden. Vitnemål, attestar og autorisasjon kan leggjast fram i evt. intervju.

Du søkjer på stillingane på kommunen si heimeside – ledige stillingar.

Link til stillingsannonse 
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Hyllestad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Elin Garnes Solås
Tittel: Stableiar HR og økonomi
Telefon: 905 07 908
E-post: elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no
Navn: Trine Engebø
Tittel: Helse- og omsorgssjef
Telefon: 91 53 42 57
E-post: trine.engebo@hyllestad.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Søknad
Søknad merkes: Kommunelege
Send søknad på mail
Last ned søknadsblankett

Arbeidssted
Hyllestad
Lifjordvegen 7
6957 HYLLESTAD
Søk på stillingen