Kort om arbeidsgiver
Medisinsk og ortopedisk seksjon ved Lærdal sjukehus har ledig fast stilling for felles seksjonsleiar frå desember 2021. Stillinga inneber overordna einskapleg leiing for seksjonane og dagleg leiing av medisisinsk og ortopedisk legegruppe. Seksjonsleiar er næraste overordna til einingsleiar for medisinsk og ortopedisk sengepost, samt einingsleiar for felles poliklinikk. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjefane i medisinsk og ortopedisk avdeling.

Stillnga krev stor grad av nærvær på sjukehuset, det vil ikkje bli tilrettelagt for heimekontor. Stillinga kan ikkje delast.
Dersom seksjonsleiar ikkje er lege, vert det peika ut medisinskfagleg rådgjevar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene inneber leiing av fag, økonomi og personal ved seksjonen, med hovudvekt på:

  • rekruttering / opplæring / kompetansebygging / kvalitetssikring
  • oppgåveplanlegging og ressurfordeling
  • utarbeiding av handlingsplanar, HMS- og kompetanseplanar
  • medarbeidaroppfølging
  • månadleg rapportering vedkomande aktivitet og økonomi, budsjettarbeid
  • deltaking i leiarmøter i avdelingane, klinikkane og føretak
  • kvalitetsarbeid som inkluderer intern kontroll, avviksbehandling, forbetringsprosjekt osv.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring som fagleiar eller administrativ leiar i helsetenesta, eventuelt frå andre organisasjonar er eit krav. Det er ein fordel med vidareutdanning innan leiing og administrasjon
  • Kjennskap til drift av legeteneste i sjukehus er ein fordel
  • Kjennskap til fagfelta er ein fordel
  • God datakunnskap / tryggheit i bruk av dataverktøy er nødvendig

Personlege eigenskapar

  • Ha organisatoriske evner og like å jobbe som leiar i ein kompleks organisasjon med spennande utfordringar
  • vere fleksibel, positiv, men også resultatorientert og beslutningsdyktig
  • Ha eigenskapar som fremjar kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen
  • Ha eit heilskapleg perspektiv på helsetenesta og sjå indremedisinsk/ortopedisk verksemd som ei brikke i det totale helsetilbodet for befolkninga i Sogn og Fjordane

Vi tilbyr

  • Medisinsk og ortopedisk avdeling tilbyr godt leiarfagleg teamarbeid med støttande samarbeid og jamnleg leiardialog med avdelingssjefar
  • Spennande utfordringar i eit stimulerande fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Leiarutvikling
  • Hjelp med å skaffe bustad

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Helsefag

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Laila Haugland
Tittel: Avdelingssjef medisinsk avd.
Telefon: (+47) 481 01 340
Navn: Karianne Indrebø
Tittel: Avdelingsjef ortopedisk avd.
Telefon: (+47) 918 67 566
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk og ortopedisk seksjon, Lærdal sjukehus
Lærdal sjukehus
6887 Lærdal
Søk på stillingen