Kort om arbeidsgiver

Sogndal DPS/Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som psykiater frå januar 2022 (fleksibel oppstartdato/månad).

Arbeidsoppgåvene vil i utgangspunktet bli knytt mot poliklinisk og ambulant arbeid og deler av stillinga er tenkt nytta mot oppbygging av eit nytt FACT team ved senteret. Det er mogeleg å avtale at deler av arbeidet kan utførast ved hjelp av digitale hjelpemiddel (heimekontor)

Senteret er eit moderne DPS som er delt i seksjon Dag og Døgn. Vi er samlokalisert med Sogndal BUP og det er om lag 80 - 90 tilsette ved senteret.

Vertskommunen er Sogndal, med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunane i Indre Sogn er mellom anna kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for eit aktivt friluftsliv. Les meir om regionen: Sognefjord

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar
  • Deltaking i senteret sin beredskapvaktordning i lag med dei andre legane på senteret
  • Poliklinisk eller sengepost alt etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykiater.
  • Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Førarkort i klasse B, er ein føremon men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og engasjement for faget og pasientgruppa
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt arbeidmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer med brei og god kompetanse
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • Løn etter avtale
  • Rekrutteringstilskot
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg fagmiljø med tverrfaglig samarbeid
  • Evt. hjelp med bustad, gje opp i søknaden dersom det er ønskeleg

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Øyvin Helge Myrmel
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 415 30 396
Navn: Gro Selås
Tittel: Overlege/psykiater
Telefon: (+47) 576 27 500 (sentral)
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Sogndal distriktmedisinske senter, Indre Sogn psykiatrisenter
Dalavegen 29
6856 Sogndal
Søk på stillingen