Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldrive klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med 78 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 149 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk.

Samla har klinikken eit opptaksområde med 78000 innbyggarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 149 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgaver er:
-  Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
-  Opplæring av pasientar og pårørande
-  Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
-  Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 13 legespesialistar og 22 psykologspesialistar tilsett. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert. 

Fagområde psykose har følgjande seksjonar:
-  Bjørgvin psykosepoliklinikk
-  C3 psykosedøgnbehandling
-  C4 psykosedøgnbehandling

Vi søker etter overlege i 100 % fast stilling til Bjørgvin psykose poliklinikk. Poliklinikken er teamorganisert. Den består av to FACT/ ACT team og eit poliklinisk team. Behandlarar tilsett i poliklinikken er også behandlingsansvarleg for døgnseksjonane. Det kan tilretteleggast for deltaking i vaktordning dersom dette er ønskeleg. Arbeidet er knytta opp mot ACT team på Tertnes og kan kombinerast med arbeid i poliklinikk. Dette kan tilretteleggast i samråd med den einskilde kandidat. 

Psykose Poliklinikken har har for tida tilsett 5 overlegar og 2 psykologspesialister, psykolog, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, musikkterapeut, kunstterapeut, ergoterapeut, erfaringskonsulentar og psykomotorisk fysioterapeut.   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Frivillig deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Overlege spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert

Vi tilbyr

  • Godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Lønn i henhald til gjeldane avtalar

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Wenny Karin Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90980134
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Fagområde psykose, Helse Bergen
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes
Søk på stillingen