Kort om arbeidsgiver
Fastlegeheimel med listetak på 850 pasienter ved Gloppen Legesenter
Stilling ledig frå 01.08.2022.

Gloppen Legesenter er det einaste legekontor i kommunen og ligg på Sandane ved 10 min køyring frå Anda lufthamn, ca ein times køyring frå Førde og 30 min. frå Nordfjordeid . 

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer til tilsetting i LIS 3 stilling i allmennmedisin.
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Ønskjeleg med gjennomført LIS 1
  • Motivasjon for å bli spesialist i allmennmedisin
  • Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, både skriftleg og munnleg.
Personleg eignaheit, interesse og kunnskap vil bli vektlagt. Erfaring frå spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel og vert likt vektlagt.

Ein vil prioritere søkjarar som ønskjer å etablere seg fast i kommunen.

Vi tilbyr
  • Legesenter i lyse lokaler, bygd i 2012 plassert i kommunesenteret på Sandane med utsikt over Gloppefjorden.
  • Seks erfarne fastlegar i 30-40 åra som har vore på legesenteret mellom 4 og 15 år. LIS 1 lege.
  • Lang erfaring med rettleiing av legar i spesialisering.
  • Hjelpepersonell med 3 sjukepleiarar, 2 helsesekretærar og 1 bioingeniør - totalt 5 årsverk.
  • Eit velutstyrt laboratorium.
  • Fleire skiftestover.
  • Godt arbeidsmiljø med felles lunsj med heile personalet, samt vekentlege legemøte.
  • Godt samarbeid med den kommunale helsetenesta.
  • Legevakt lokalt i Gloppen kommune. 10 delt (ca 3 vakter pr mnd). Heimevakt med i snitt 4-6 henvendingar pr vakt.
 
Lønns- og arbeidsvilkår:
  • Sjølvstendig næringsdrivande i kommunalt dreve legesenter. Nullavtale dvs at basistilskotet går direkte til kommunen og at inntekt frå takstar går direkte til legen. Kommunen kan ifølge sentrale avtalar disponere inntil 20 % i kommunal stilling.
  • For legar under spesialisering kan vi tilby ALIS avtale som næringsdrivande med mellom anna lønnskompensasjon for kursdagar og rettleiingsgruppe
  • Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest.

    Søk på følgjande sosiale medier: #nordfjordaktiv #gloppenertoppen #trivselsskogen #trivselshagen
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Gloppen kommune
Kontaktperson
Navn: Thomas Hebard
Tittel: Leiar for legetenesta
Telefon: 57 88 44 40
Arbeidssted
Gloppen Legesenter
Grandavegen 12
6823 SANDANE
Søk på stillingen